Kjersti Elvik hadde rolla som husfrua Inga også i 2019. 1. juli er det premiere på årets Herøyspel. Foto: Herøyspelet

I fjor mista ho mannen sin og måtte reise frå Herøy. No er Kjersti Elvik tilbake.

Rett før fjorårets premiere på Herøyspelet, fekk skodespelar Kjersti Elvik beskjed om å reise heim fordi mannen hennar var alvorleg sjuk. Han døydde like etter. No skal ho tilbake i rolla igjen, og håpar det er ein lur ting å gjere.