Her er det ikkje trygt for born å ferdast åleine, meiner denne gjengen. Dette er ein del av skulevegen, med fylkesvegen og Mausavatnet i bakgrunnen. Framme frå venstre: Ask og Alve Odin. Midten Sofie Rønning, Ida Høydalsvik og Caroline Rønning. Bak: Christine Rønning, Ingunn Slotsvik med Jenny Høydalsvik og Liana Sæternes. Foto: Marius Simensen

Skuleskyss-kluss – rådville foreldre før komande skuleår

Innbyggarar på Eikrem i Sula meiner skulevegen er for farleg, vanskeleg og lang. Sula kommune har ikkje kome innbyggarane i møte, men vedtak som er gjort av kommunen er no oppheva av Statsforvaltaren.