Dramatikken var stor då heimelaget klarte å snu kampen dei siste fem minutta i Voldahallen og vinne med to mål. Dei omlag 350 tilskodarane i hallen reiste seg og trampeklappa Volda HK inn til siger, og sine to første seriepoeng denne sesongen.
Få siste nytt om sport på Nordvestlandet. Følg SMP-sporten på Facebook!
Volda HK sitt comeback til 1. divisjon har blitt eit mareritt for den ambisiøse klubben. Med eit klart mål om å sikre seg ny kontrakt i divisjonen, har det blitt 13 klare tap denne sesongen. I tillegg vart det før helga klart at den sjukmelde trenaren Igor Terzic vart erstatta av hjelpetrenar Lars Johansen.
- Målet i dag var å få tilbake spelegleda. Det klarte vi, og det var sinnsjukt deilig å vinne vår første seriekamp, sa ein strålande blid Johansen til smp.no etter kampen.
Snudde kampen
Etter ein jamn førsteomgang gjekk laga til pause med 12-12. Tidleg i 2. omgang rauk heimelaget på utvisningar og gjestane stakk frå med to mål. Denne differansen klarte Fredrikstad å halde heilt fram til det stod att ti minutt av kampen. Gode redningar av målvakt Runa Vik gav skåringar for heimelaget, og fem minutt før slutt var stillinga 21-21.
I hektiske sluttminutt ville rett og slett Volda HK mest denne gongen, og vann 24-22. Trass sin første siger er nedrykket nesten eit faktum.
Trenar Johansen seier imidlertid at laget vil kjempe om å behalde plassen i divisjonen, så lenge det er teoretisk mogleg.
Volda sine toppscorarar i kampen vart Aukse Aglinskiene med 5 skåringar og Hilde Egset med 4 skåringar.