Heimelaget fekk ein pangstart på kampen og allereie etter eitt minutt tok TMFK leiinga ved Martin Flåten. Nordfjordingane var langt meir på hugget enn bortelaget frå Ålesund, utover i kampen blei det meir og meir forskjell på laga.

Like før pause auka Joachim Raknes Forthun TMFK si leiing til 2-0, noko som også blei pauseresultatet i kampen.

Straffespark avgjorde

Tidlig i 2. omgang hadde Herd ein gyllen sjanse til å kome inn att i kampen igjen, men til tross for ein enorm sjanse makta ikkje bortelaget å overliste TMFK sin gode keeper Magnus Thor Magnusson.

Drøye kvarteret ut i 2. omgang punkterte heimelaget kampen, då Mads Wie sette inn 3-0 på straffe.

Etter dette virka det som at Herd resignerte, og kvarteret før slutt fastsette Joachim Raknes Forthun sluttresultatet til 4-0 med si andre scoring i kampen.

- Langt under pari

- Eg har ikkje så mye å seie. Hadde vi scora på den store sjansen vår på 2-0 kunne vi lagt trykk på dei, men når dei får 3-0 er kampen køyrt, seier Herd-trenar Rune Ulvestad.

- Dette er en kamp av oss som er langt under pari. Vi ønsker ikkje å vere med i kampen, og dette er totalt sett ein kamp vi må legge bak oss. Om vi taper 1-0 eller 4-0 spelar ingen rolle. Vi spelar på ei vanskeleg bane i dag og det er hovedgrunnen til at vi er så dårlige.

- Feia golvet

TMFK-trenar Geir Ove Refvik er naturleg nok meir fornøgd med resultatet.

- Vi vinn ein fullt fortent seier, vi feia golvet med dei. Vi spelar mykje betre fotball enn Herd, og når backane er våre beste spelarar seier det sitt når vi vinn 4-0.

Foto: Stig Høynes