- Det var heilt fantastisk å vinne, seier Sætre til smp.no.

Matias Sætre spelar for Herøy Biljardklubb, og slo for alvor gjennom i fjor då han vann norgescupen i elitedivisjonen.

I det som blir omtala som ein svært spanande finale gjekk han i helga til topps i eliteklassa i disiplinen 14.1.

- I biljardmiljøet samanliknar vi denne displinen med sjakk. Spelaren må legge ein strategi og tenke langt fram, seier Bjarne Pettersen, leiar av Herøy Biljardklubb.

Vegard Kristiansen har dominert biljarden i mange år men vart sett på plass i finalen.Finalen var ein thrillar av dei sjeldne, meiner Bjarne Pettersen.

Sætre vann til slutt med stillinga 125-115.

- Matias har trent heime sidan han var ein gutunge. Det er ikkje få timar han har lagt ned for å nå dette målet, seier leiaren av Herøy Biljardklubb. Sætre byrja å spele i den øvste divisjonen i 2015.

Straks EM

Måndag kveld er Sætre tilbake i Bergen der han studerer ved Norges Handelshøgskule.

Men om få dagar er det tilbake til biljardbordet. Om halvanna veke skal Sætre delta i EM i biljard i Portugal.

- Måndag om ei veke er det treningssamling i Oslo, før vi reiser vidare til Portugal, seier Sætre.

Fleire unge spelarar

Herøy Biljardklubb fekk i vinter også norgesmeister i klassen U17. Klubben har også fleire unge spelarar på Team Norway denne sesongen.