(Vikebladet Vestposten) Hødd fekk finaledraumen knust, etter at dei tapte for Tiller i semifinalen i J18/19 i Norway cup fredag kveld.  Dermed vert det bronsefinale for Hødd laurdag kl 11.05.

Det stod 0-0 ved pause, men Tiller skåra tre mål- det eine på straffe- tidleg i andre omgang, og då var løpet køyrt for Høddjenten.  Tiller la på til 4-0 mot slutten av kampen.

Begge laga hadde ein kamp frå tidlegare i dag i beina, og både Tiller og Hødd hadde fleire sjansar i første omgang.

Tiller slo ut Lyn på straffer medan Hødd var sterkast mot Herd i straffekonkurransen.

Det var dårleg ver under kampen på Ekeberg, med pøsregn og torever, noko som gjorde bana tung og våt.

Saka blei først publisert på Vikebladet.no