Brattvåg sine fellestreningar startar på måndag neste veka, medan Hødd ventar til onsdag før dei skal ha det same. Hødd er først ute med treningskampar, dei startar mot Volda 18. januar.

– Vi skal spele kampar mot AaFK, Herd, Spjelkavik, Bergsøy, Brattvåg, Sogndal, Florø og Førde. I tillegg skal vi ha på plass to-tre kampar til, men vi har også eit lag i 3. divisjon som skal spele. Det blir generalprøve 7. eller 8. april mot Førde, seier sportssjef André Nevstad i Hødd, som ikkje har planlagd ein treningsleir i år.

– I utgangspunktet har vi ikkje planlagd noko, men vi skal ta ein prat med spelargruppa om det.

Spelarstallen er ikkje klar

2. divisjonsklubben har henta inn Joachim Osvold, Marius Hagen og Joachim Wrele til kommande sesong, og fleire kan det bli.

– Vi har fått inn tre nye og forlenga kontraktar, men spelarstallen er ikkje endeleg endå. Vi har også spelarar internt som kan vere aktuelle for a-laget, seier Nevstad.

Det er ikkje planlagd å hente inn prøvespelarar i starten av oppkøyringa.

– Vi må ha nok spelarar til å spille bra i både 2. – og 3. divisjon, seier sportssjefen.

Brattvåg spelar sin første treningskamp borte mot Kristiansund BK 23. januar.

– Vi skal også ha treningskampar mot Molde, AaFK, Herd, Hødd og Træff. Vi har nokre ledige datoar der vi skal spele kampar, men alt er ikkje på plass endå, seier sportssjef Per Gidlund.

På spelarjakt

Brattvåg har henta inn Neydson Da Silva og Mirza Muicic, men sportssjefen er på jakt etter fleire spelarar. Klubben har så langt ikkje planlagd å hente inn prøvespelarar.

– Vi er god forspent på keeperplass og i forsvaret, men vi vurderer litt kva vi skal gjere på midtbana og moglegheitene for å hente inn ein angripar. Målet er at vi skal få det til, seier han.

Brattvåg vel å ikkje prioritere ein treningsleir denne sesongen.

– Vi prioriterer heller at vi får trent på dagtid enkelte dagar framfor å reise på ein treningsleir, seier Gidlund, som håper det kan vere mogleg å reise vekk ei helg for å spele treningskamp og trene.

Brattvåg-sportssjef Per Gidlund trur det kan kome fleire spelarar til klubben. Foto: Kristian Stenerud