HØDDVOLL (Hødd-Hønefoss 1-0): Kampen bar lenge preg av at heller lite stod på spel for nokon av laga. Hønefoss opna rett nok friskt med eit skot i tverrleggjaren signert Kristoffer Hoven før minuttet var spelt.

Og i det åttande minutt avslutta Torbjørn Kallevåg utanfor etter eit fint Hødd-angrep.

Deretter skjedde det så godt som ingenting før Eirik Haugan heada Hødd i leiinga i det 28. minutt – trudde alle.

Eirik Haugan stod heilt umarkert inne i feltet etter ein corner frå Bendik Rise. Men etter kampen kom det fram at Badr Rahhaoui hadde vore innom ballen før han gjekk over mållinja. Og Sunnmørsposten fekk bekrefta av dommartrioen etter kampslutt at Rahhaoui mest truleg får kreditert målet.

Stor Hønefoss-sjanse

Scoringa sette litt fyr i kampen, først og fremst Hødd. Før pause hadde både Badr Rahhaoui og Torbjørn Kallevåg gode sjansar for Hødd.

Etter pause låg Hødd lågare i bana og let Hønefoss ha ballen oftare. Det var også bortelaget som kom til den første sjansen i 2. omgang – og den var stor.

I det 54. minutt avslutta Marko Jankovic over frå kort hald. Hødd heva seg utover i omgangen, men gjorde det kanskje litt for vanskeleg for seg sjølve ved nokre høve.

Mykje fint spel gav ikkje så mange moglegheiter. Den første kvalifiserte sjansen til Hødd i andre omgang kom etter 65 minutt då Bendik Rise prøvde seg på eit langskot.

Ny debutant

Dei siste kampen har Hødd prøvd fleire og fleire ungdommar frå eigne rekkjer på a-laget. Denne gongen fekk Isak Skotheim (berre 16 år) kome inn siste kvarteret.

Han er sonen til André Skotheim, som mange hugsar som ein giftig spiss og ving for Hødd på 90- og 00-talet.

Men det var sonen til Sindre Eid, Daniel, som kom til den neste store Hødd-sjansen. I det 76. minutt avslutta han like utanfor frå kort hald. I denne perioden bølgja kampen fram og tilbake.

Like etterpå var det Hønefoss-innbytaren Kenneth Diallo (frå Ålesund) som var nær scoring.

Fleire mål vart det derimot ikkje. Dermed vann Hødd fortent 1-0 etter ein heilt OK presentasjon.

– Vann fortent

Det sa også Hødd-trenar Sindre Eid seg einig i etter kampslutt.

– Første kvarteret var vi svake. Men så åt vi oss gradvis inn i kampen. Vi fekk 1-0 og bør også leia 2-0 til pause. Etter pause fekk vi eit visst trykk mot oss ei stund, men vi stod løpet ut. Vi prøvde nye spelarar i dag og relasjonane sat ikkje heilt. Men vi vann fortent, seier Eid til Sunnmørsposten.

– Lovar bra

Han får støtte av Eirik Haugan, som – matchvinnar eller ei – vart kåra til banens bestemann av fleire.

- Vi spelte ein bra 1. omgang der vi kom til fleire store sjansar. Det vart ein krigekamp etter pause. Men vi stod bra imot og vann fortent til slutt, seier midtstopparen.

Som kom til Hødd då dei sleit som verst mot slutten av vårsesongen, men har vore ein viktig del av eit Hødd-lag som har gjort ein nesten botnsolid haustsesong.

- Vi skulle gjerne ha kome i form tidlegare. Det tok tid å få spelt inn laget. Men dette lovar i alle fall bra for neste år, vurderer Eirik Haugan.

Kampfakta2.-divisjon avd. 2Hødd – Hønefoss 1-0 (1-0)HøddvollTILSKODARAR: Ca. 200MÅL: 1-0 Rahhaoui (28)  DOMMAR: Ole Alexander Ekeli Valen, Kråkerøy ILGULE KORT: Rahhaoui (Hødd), Jankovic (Hønefoss) HØDD: Ole-Monrad Alme – Daniel Eid, Henrik Breimyr, Eirik Haugan, Steffen Moltu, Eirik Saunes – Torbjørn Kallevåg, Andreas Breimyr (Isak Skotheim 75), Bendik Rise – Badr Rahhaoui (Bendik Torset 67), Robin Hjelmeseth (Robin Shroot 67).