Utgangspunktet i opprykkskampen i 3. divisjon er den samme som før den nest siste runden, ettersom både Brattvåg og Lysekloster vann sine kamper i dag. Brattvåg møtte et ungt Haugesund 2, som tilslutt blei slått heile 8-0, etter at Brattvåg leia 2-0 til pause.

– Etter pause var det berre snakk om kor stor sigeren skulle bli. Det var kjekt at vi fekk avslutte så bra på heimebane. No må vi avgjere alt sjølv, for eg trur vi må vinne den siste kampen mot Os, seier Brattvåg-trenar Karl Oskar Fjørtoft til Sunnmørsposten.

Emil Dahle, Niklas Rekdal, Kristian Strande, Sondre Beite, Willy Zamble, Prince Mambouana og Håkon Leine (2) scora måla for Brattvåg. No held det for Brattvåg å slå Os for å rykke opp til 2. divisjon.

– Det blir litt av ein finale, seier Fjørtoft.

I lokaloppgjeret mellom Herd og Spjelkavik var det Herd som tok sigeren 1-0 etter at Ingolfur Kristjansson scora målet. AaFK 2 leia 2-1 heime mot Os, men gjestane scora 2-2 på overtid.