Høddvoll (Hødd – Vard 0-2).

Det er jo kanskje litt klisjéaktig å hevde noko slikt, men også statistikken bekreftar påstanden: Berre tre av Hødd sine 17 mål i serien i år har kome frå spissane. To nettkjenningar frå Badr Rahhaoui og eitt frå Amani Mbeduele viser statistikken. Mot Vard i dag skapte Hødd ni kvalifiserte sjansar. Ingen av dei førte til scoring.

- Vi skapte meir enn nok. Men ballen ville ikkje inn. Uff, nei vi er rett og slett dårlege inne framfor mål. Og slik har det vore før i år også. Vi kjem til sjansar, men ballen vil ikkje inn, sukkar Sondre Beite.

- Kunne ha gått heim

Tidlegare i sesongen kom Beite som regel inn på vingen siste 20-25 minutta av kampane, noko som gav tre seriemål. I dag starta på topp saman med Amani Mbedule i ein 3-5-2-formasjon. Begge spelarane bidrog med mange fine detaljar, men det spørst om det hadde vore betre å nytta Beite og Mbedule på kantane – med ein meir typisk targetmann inne i boksen. Uansett kom Beite til to store sjansar i dag. Etter 33 minutt avslutta Beite i nettveggen etter eit flott angrep. Og i det 75. minutt avslutta han i stonga frå kort hald.

- Etter det skotet tenkte eg at eg like greitt berre kunne gå heim. Ballen ville ikkje inn i dag likevel. Eg tenkte at vi kunne stå her til siste serierunde utan at vi fekk ballen inn. Det er så kjedeleg når vi har slike dagar, seier Sondre Beite.

Som også gjerne hadde sett at Hødd også hadde ein litt anna spisstype på bana.

- Slik vi spelar no ser eg behovet for ein stor og sterk spelar på topp. Då bør dei (leiinga) kjøpe eller fikse ein slik spelar. Eg er jo ingen hovudspelar sjølv. Eg prøver mitt beste. Men spelar vi som i dag hadde det sikkert funka betre med ein stor og sterk inn i boksen, forklarer Beite.

Kjempescoring av Hauge

Hødd sine sjansar var jamt fordelt på første og andre omgang. Det var også Hødd som hadde det meste av spelet. Men som lesarane forstår hadde Vard også ein del å by på. Bortelaget kom til seks sjansar. Av dei gav to nettkjenningar. Det første målet etter 49 minutt var eit kjempeskot av Arent-Emil Klaussen Hauge som gjekk heilt oppe i vinkelen. Flaks? Kanskje det. Men det er ikkje forbode å ha marginane på si side. Sju minutt seinare vart Hødd spelt ut langs bakken og Jonas Tungeland la på til 2-0. Siste halvtimen pressa sjølvsagt Hødd. Men som vi har sett så mange gonger før i år: Det blir mange fine detaljar, men få scoringar.

Ingen bortforklaringar

Hødd-trenar Sindre Eid var tydeleg både skuffa og sint etter kampslutt.

- I dag skal vi ikkje snakke noko om at vi hadde sjansar eller at vi spelte betre enn Vard i første omgang. Vi taper 2-0. Det er fasiten med to strekar under svaret. Det er forbanna skuffande. Kampbiletet vart som venta i første omgang. Vard la seg lågt, vi hadde ballen og kom til mange innlegg, utan at det hjelpte oss noko. I andre omgang skulle vi vere direkte. Så scora Vard to mål etter at vi mista ballen. Då blir det vanskeleg, erkjenner Eid.

Han legg til at Hødd ikkje har flyt om dagen. Hødd scorar ikkje på sine sjansar, medan Vard scorar på noko som i utgangspunktet ikkje var ein sjanse. Men i dag var ikkje dagen for bortforklaringar.

- Vi får som fortent og vi taper fortent, seier Sindre Eid.

Sindre Eid var ikkje blid etter 2-0-tapet mot Vard Haugesund. Men han presiserte at det ikkje var tidspunktet for unnskyldningar. Foto: Svein Olav Humberset