I april stemde ein EU-komité fram dei nye restriksjonane som no har vore gjennom resten av organa i systemet. Forbodet har vore på høyring, og verken EU-parlamentet og Rådet kom med innvendingar.

EU-kommisjonen opplyser at dei nye retningslinjene vil tre i kraft om tre veker, men at det blir lagt opp til ein overgangsperiode på åtte år for det som handlar om utfasing av gummigranulat.

Norges Fotballforbund har ønskt seg endå fleire år enn det, men har ikkje vorte høyrt.

– Dette er ein merkedag for miljøet, fordi det betyr at den nest største kjelda til mikroplastutslepp til havet no får ein sluttdato. Dette er framtidsretta miljøpolitikk som betrar situasjonen for natur, dyr og menneske, seier leiar i Miljøpartiet Dei Grøne, Arild Hermstad, til NTB.

– Likevel må norske styresmakter stille opp for idretten i denne omstillinga. Regjeringa kan ikkje sende rekninga til fotballforeldre på dugnadsjobbing og til små idrettslag som ikkje har råd til å byte ut banane sine på eiga hand, legg han til.

NFF har søkt om 5,5 millionar kroner i året til arbeid med utfasing av kunstgrasbanar fram mot sommaren 2029. Regjeringa har i første omgang vedteke å løyve fem millionar til kartlegging av arbeidet.

Jakt på alternativ

Enno veit ein ikkje kva fyllmasse som i framtida kan erstatte mikroplasten i kunstgrasbanane. NFF har anslått at omstillinga norsk fotball står overfor vil koste rundt 10 milliardar kroner.

– Dette er eit varsla grønt skifte og i tråd med det vi forventa. Vi må alle jobbe for at framtida skal bli meir berekraftig. Samtidig vil det krevje ei enorm omstilling i heile norsk fotball og rekninga blir stor, har fotballpresident Lise Klaveness sagt tidlegare.

Fotballforbundet estimerer at det er rundt 1900 kunstgrasbanar i Noreg med plasthaldig fyll.

– Ein overgangsperiode på åtte år representerer, trur vi, at også EU anerkjenner at alternativa på marknaden enno ikkje er fullgode. Det betyr igjen at klubbar og kommunar i løpet desse åtte åra, og vidare til enda levetid, kan bruke gummigranulat på nye eller rehabiliterte kunstgrasbanar for å sikre god fotballaktivitet under føresetnad av at forskriftsmessige tiltak for granulatfangst rundt banane blir sette i verk, har generalsekretær Karl-Petter Løken i NFF sagt.

Nødvendigheit

Regjeringa har uttrykt tru på at det vil skje produktutvikling som fyller behovet for alternativ til gummigranulat innan overgangsperioden er over.

I EU-systemet ser ein på forbodet som no ligg føre som ei rein nødvendigheit.

– Desse restriksjonane bidreg til den grøne omstillinga i EU-industrien og fremjar innovative, mikroplastfrie produkt – frå kosmetikk til vaskemiddel og idrettsbanar. EU-borgarar vil få tilgang til tryggare og meir berekraftige produkt, og EU-industrien – spesielt små og mellomstore bedrifter – som har investert i og utvikla slike innovative produkt vil vere meir konkurransedyktige og robuste, seier EU-kommissær Thierry Bretton i ei fråsegn.

(©NPK)