Volda HK – Njård 25-31 (16-13): Trass i senka skuldre, etter at nedrykket frå 1. divisjon er definitivt klart, klarte ikkje heimelaget å by opp til fest i Voldahallen.

Knappe 200 tilskodarar fekk sjå at det var Volda HK som ville mest før pause.

Heimelaget spelte strålande i angrep, og kunne gå til pause med tremålsleiing. Utover i 2. omgang seig gjestane frå Oslo frå i målprotokollen. Spesielt i forsvar hadde Volda HK lite å stille opp med.

Toppskårarar på Volda HK vart Vanessa Hoel og Karoline Dyrhol Slenes med 6 mål. Toppskårarar på Njård var Marte Røkke og Vilde Johansen, begge med åtte fulltreffarar.