Ørstingane tok heile åtte klassesigrar, og fire av dei vann både storslalåm laurdag og slalåm søndag.
Ikkje rart at sportsleg ansvarleg Geir O. Molvær i Ørsta IL Alpint var nøgd.
– Vi beit godt frå oss, det er sikkert. Vi har fått fram ein særs bra gjeng her no, vi har rundt 30 unge som satsar mykje på idretten sin, seier han.
Les fleire saker om lokal idrett på Nordvestlandet.
Trenar mykje
I fjor gjekk alpingruppene i Volda, Åmdal og Ørsta saman i Ørsta IL Alpint, og det har gjeve resultat allereie.
– Men vi trenar mykje. I sommar har vi vore mykje på Juvassbreen, og elles dreg vi både til Bjorli, Stranda og til Hornindal for å trene. Og sjølvsagt er vi mykje på Bondalseidet når forholda tillèt det, seier Molvær.
Fire vann dobbelt
Fire av dei aktive i ØIL Alpint vann altså dobbeltsiger i helga. Ariana Rebbestad vann storslalåm og slalåm i Jenter U12, Anny Molvær Våge gjorde det same i Jenter U14, og i Gutar U14 vann Bendik Åmbakk dobbelt. Medan Eirik R. Åmbakk vann begge dagar i Menn U18.
Ariana og Bendik er inne i sin siste sesong i si årsklasse, medan Anny kan delta i U14 nok ein sesong.
Utanom desse fekk også Ørsta mange av sine alpinistar på pallen, så dette vart ei rett så fin helg for alpinistane og leiarane i klubben.
– Det neste vi satsar mot no er eit stort renn i Trysil om 14 dagar, fortel Geir O. Molvær.
Fint av Fien
Men det var fleire sunnmøringar som markerte seg på Bjorli. Norsk-nederlandske Fien van Zwieten frå Stordal IL køyrde to flotte renn, og vann Jenter U14 begge dagar. I storslalåm laurdag fekk ho tøff matching av Victoria Røst frå Spjelkavik, men i slalåm søndag var Fien heilt suveren. Då køyrde Røst ut.
Og utkøyringar var det mange av på Bjorli, særleg søndag. Då slo mildvêret til, samstundes som løypetraséen i slalåm var særs krevjande.
Guro F. Tørlen frå Spjelkavik vann storslalåm i Jenter U18 laurdag.