Senterpartiet med Arne Sandes som ordførarkandidat løyser til eit valskred i Norddal. Partiet aukar oppslutninga med 36,7 prosent  og erobrar 51,4 prosent av stemmene. Ved mandatfordelinga får partiet ni plassar i kommunestyret og reint fleirrtal.

Det er då duka for eit aldri så lite comeback for Arne Sandnes frå Senterpartiet som har vore ordførar i kommunen tilsaman 12 år tidlegare fordelt på to tidsintervall.

Bjørn Inge Ruset (48) gir seg som ordførar (Ap) i Norddal etter to periodar. Den siste perioden med støtte fra Senterpartiet og Tverrpolitisk liste for Norddal.

Arbeiderpartiet fekk 17,7 prosent. Det er ein tilbakegang på heile 14,1 prosent.

Men i Norddal er det fleire som kan tenke seg å ta over Ruset: Aps ordførarkandidat er Olav Arne Løvoll, saman med Viktor Valdal frå Tverrpolitisk liste for Norddal og Terje Vinje stiller for SV.

Også Høgre gjort eit godt val i Norddal. Dei gjekk fram med seks prosent til 13.3 prosent.

Arne Sandnes kan verte ny ordførar i Norddal- Arkivfoto: Terje Engåas