Onsdag skal det igjen hølje ned.

- I Sogn og Fjordane kan det kome 50-70 millimeter regn i løpet av 24 timar, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved ved Vervarslinga på Vestlandet. Tysdag føremiddag sit ho og vurderer om dei skal sende ut obs-varsel for Sogn og Fjordane.

- I Møre og Romsdal sør for Molde kan det kome 30-50 millimeter, seier meteorologen.

Sjå oppdatert vêrvarsel (ekstern side).

NVE vurderer også om dei skal sende ut varsel om flaum- eller skredfare.

- De må gjerne gå inn og sjekke på varsom.no, seier Valved.