Ørsta-ordførar Rune Hovde (H) ber om snarleg møte med samferdselsministeren, for å drøfte konsekvensane av at flyruta mellom Ørsta/Volda og Oslo ikkje lenger skal vere med i staten sitt anbod for regionale flyruter i Sør-Norge.

– Når Widerøe går ut og seier at dette vil føre til færre sete og høgare prisar, blir det eit svært negativt signal å sende både til næringslivet og andre brukarar, skriv Hovde og håpar dette er stikk imot det som departementet meiner skal verte resultatet av frisleppet.

Les også: Kuttar subsidiar til HovdenLes også: Tar opp flysaka med Solvik-Olsen

I brevet til statsråden skriv Høgre-ordføraren at han er stor tilhengar av teorien om at konkurranse gir både betre tilbod og lågare prisar. Ein føresetnad for dette, er likevel at reell konkurranse er mogleg.

– Konkurranse med berre ein tilbydar er ingen konkurranse, og det er ein slik situasjon vi er redde for å kome i no på Ørsta/Volda lufthamn, skriv Hovde og viser til at topografiske tilhøve legg føringar på flytypane som kan brukast på lufthamna.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

For å halde fram den positive utviklinga for flyplassen meiner Hovde det er nødvendig med eit godt rutetilbod. Og han meiner det er svært uheldig for næringsliv og andre både i Ørsta/Volda, i Nordfjord og ikkje minst for dei maritime og marine næringane i Ulstein og Herøy, om Hovden-Oslo blir fjerna frå anbodsrutene.