Då Den Norske Turistforening skulle kåre Norges mest historiske hytte, gjekk over halvparten av røystene til Fieldfarerhytta i Tafjordfjella.

Fieldfarerhytta er ein tru kopi av krigskvarteret som Kompani Linge-offiserane Joachim Rønneberg, Birger Strømsheim og Olav Aarsæther bygde våren 1944. Dei tre budde i hytta det siste året av krigen.

Joachim Rønneberg forklarer korleis livet var i hytta i videoen til høgre.

Det var Joachim Rønneberg sjølv som gjenreiste hytta sommaren 1944. Då han var ferdig, gav han den som gåve til Ålesund-Sunnmøre Turistforening.

I dag er Fieldfarerhytta ubetjent, har enkel standard og fire sengebriskar.

Fieldfarerhytta er kåra til Norges mest historiske hytte. Bildet er frå Veltdalsstemnet 2005. Joachim Rønnberg (t.h.) viser fram Fieldfarerhytta , der han og to andre krigsveteraner budde eit heiilt år under krigen. Her saman med barnebarnet Liv Rønneberg Gåsemyr og Magne Johansen, svigerson til Olav Aarsæther Foto: Børre Torsvik