Dermed er også dei 80 tilsette på skipet i arbeid igjen, etter at dei har vore permitterte i ni veker. Skipet har vore i opplag på grunn av den vanskelege marknadssituasjonen innan offshore.

– Skipet skal først i arbeid for Shell på Draugen og Ormen Lange. Seinare skal det til britisk sektor vest for Shetland, fortel adm.dir. Håvard Ulstein.

Island Constructor er eit flaggskip for reiarlaget Island Offshore med base i Ulsteinvik.

Milliardar

Island Constructor har som hovudoppgåve å auke utvinningsgraden i olje- og gassbrønnar.

– Utvinningsgraden på verdsbasis er langt nede på 40-prosenttalet, kanskje under det. Målet for norsk sokkel er ein utvinningsgrad langt over 50 prosent, kanskje over 60 prosent, seier Ulstein til Smp.no.

– For oljeselskapa utgjer det mangfaldige milliardar kroner, ifølgje Håvard Ulstein.

Krevjande

Ifølgje Ulstein er jobben dei skal gjere vest for Shetland svært krevjande, og han meiner Island Constructor er det einaste konstruksjonsskipet i verda som kan utføre dette oppdraget.

– Der er svært sterke straumforhold, i tillegg til krevjande vêrforhold. Dette skipet er utstyrt med vinsjar og med instrumentering for slike oppdrag. I tillegg har vi eit stabilt mannskap gjennom snart fem sesongar som har tileigna seg den kunnskapen som trengst, seier Ulstein.

AIS: Her kan du følgje skipet (ekstern side)

Ulstein seier at slik det ser ut no, har båten arbeid til eit godt stykke ut på hausten.

Fredag vart det kjend at også Farstad Shipping tar båtar ut av opplag. Farstad har hatt fire båtar i opplag i vinter.

Framleis i opplag

Island Offshore har sidan februar også hatt supplyskipa Island Duke og Island Duchess i opplag.

– Dei vil liggje i opplag i lang tid, seier Håvard Ulstein.

Bakgrunn: Nye skip i opplag