Farstad Shipping varsla nyleg at dei legg sitt fjerde fartøy i opplag ved Humla i Ålesund. Skipa ligg der no godt synleg både frå Sula-sida og Ålesund-sida.

For eigaren er Humla den mest gunstige plasseringa.

– Plasseringa har med kostnad og sikkerheit å gjere, og at båtane er lett tilgjengeleg for oss, seier finansdirektør Torstein Stavseng i Farstad Shipping.

Far Sigma er berre eit år gammal, fartøyet vart levert frå verftet så seint som i februar i fjor.

Fire godt synlege offshore-fartøy er også noko som folk legg merke til og snakkar om.

– Tilbakespela eg har fått frå folk er at ein skjønar alvoret i situasjonen, når store, nye båtar blir lagt i opplag, seier Stavseng.

Vakthald

Han fortel at det til ei kvar tid er 10 personar om bord for å overvake og for å gjere vedlikehald.

Utsiktene for reiarlaga er framleis prega av stor usikkerheit med tanke på konsekvensane av oljeprisfallet og aktivitets- og kostnadskutt på sokkelen.

– Vi følgjer utviklinga nøye med tanke på om vi skal legge ytterlegare skip i opplag, seier Stavseng.

Førre gong Farstad hadde båtar i opplag var for rundt 10 år sidan, men det var ein gammal båt som skulle ut av marknaden. Også den låg ved Humla. På slutten av 80-talet hadde Farstad båtar liggande på Flatholmen, på baksida av Ålesund. – Då var det dette som var den mest hensiktsmessige plassen, seier Stavseng.

To forsyningsskip

Island Offshore varsla måndag at dei legg dei to PSV-ane Island Duke og Island Duchess i opplag på ubestemt tid.

Opplag av fartøya skuldast ein vedvarande svak marknadssituasjon, spesielt i Nordsjøen men også i andre marknader. Per i dag er det betydeleg overkapasitet av slik tonnasje i Nordsjøen, skriv selskapet i ei pressemelding måndag føremiddag.

– Utsikter til eit lågare aktivitetsnivå i 2015 og 2016 tilseier at situasjonen kan vare med mindre reiarlaga tek ansvar for å redusere tilbodet av fartøy. Ei omstilling er nødvendig for å opprette balanse i marknaden, seier administrerande direktør Håvard Ulstein i Island Offshore Management AS.

Opplag av fartøya får ingen konsekvensar for mannskapet på kort sikt då desse blir tilbydd arbeid på andre fartøy i flåten, opplyser selskapet.

– Island Constructor er framleis i opplag fram til byrjinga av mars. Vi har ikkje andre skip i opplag per i dag, seier kommunikasjonssjef Marianne Hovden i Island Offshore.

Halde det gåande

Bourbon Offshore varsla i januar permittering for mannskapet på forsyningsskipet Bourbon Rainbow. Men før mannskapet gjekk ut i permisjon fekk båten ny kontrakt. Etter nokre få dagar ved kai på Mjølstadneset i Herøy bar det dermed ut igjen.

No varslar Bourbon permittering av ein ny båt. Konstruksjonsskipet Bourbon Pearl, som opererer i Middelhavet, går etter planen i opplag i nær framtid.

– Vi har sendt ut permitteringsvarsel for Bourbon Pearl. Situasjonen blir fortløpande vurdert. Fleire av skipa går på spotkontraktar, der det er om å gjere å halde det gåande, seier adm.dir. Bjørn Remøy.

Offshore-reiarlaga har den siste tida budd seg på eit utfordrande år, og jublar samtidig over at det nyleg er gitt nye konsesjonar på sokkelen.

Forsyningsskipet Island Duchess. Island Duke er eit søsterskip. Foto: Gunder Tande Sandersen
Bourbon Pearl. Foto: bourbon-offshore.no
Arkiv. Finansdirektør Torstein Stavseng (t.v.) og prosjektleiar Torstein Davik frå Farstad Shipping tok imot prisen Årets Nyskaper 2012 på vegne av Farstad Shipping. Foto: Bjørn Vatne