Nærare bestemt er låtane spelt inn i løa på Jo-garden. Og namnet på EP-en er nettopp «The Wind That Shakes The Barn».

– Spenninga av å gjere det slik, i ei skral løe på heimstaden, med vind frå alle kantar, tilfører ein nerve og omgivnadene blir ein del av musikken. Vinden vert ein naturleg del av musikken vår og det kan vere fint, det. Kallar du bandet Giske må du i det minste ha med litt vind, seier Ronnie Mag Larsen.

Han utgjer bandet Giske saman med Rune Berg og Alex Rinde.

Giske: Bandet består av (f.v.): Ronnie Mag Larsen, Rune Berg og Alex Rinde.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Nøgd

Dei fem låtane dei no gir ut var alle med på plata som kom i fjor. Denne gongen fekk dei med seg fleire lokale musikarar. Grunnen til at dei vil gje ut EP-en er at både sjukdom og geografisk spreiing gjer det vanskeleg å spele live

– Så når vi først hadde sjansen til å spele live sørga vi for å ta det opp. Vi er særs nøgd med resultatet, og gler oss til at andre får høyrt det, seier Ronnie.

Frå innspelinga: Her er innspelinga i gong i løa på Jo-garden på Giske.

Les også: - Det går an å lage video utan puppar og bling-bling

Giske har sin aller første konsert i kveld

Filma

Fuglefjellet var til stades og filma i løa den dagen EP-en vart spelt inn.

Ronnie seier det vil komme fleire videoopptak frå konserten: – Desse vert lagt ut med jamne mellomrom dei neste vekene.

I sommar jobbar bandet vidare med ny plate.