Naturdebatten må nyanserast meir i tida som kjem, og å bygge ned natur må aldri bli eit mål i seg sjølv, men kan vere ein konsekvens at nøye vurderingar der fordeler og ulemper vert vekta i eit generasjonsperspektiv.

Kommunane har hatt, og Senterpartiet meiner dei framleis skal ha, ansvaret for korleis me nyttar areala og naturen vår. Det er feil at me som bur tettast på naturen ikkje ynskjer å ta vare på han. Det er fornuftig fordi dei har lokalkunnskapen, dei sit tett på både natur og dei som måtte ynskje å bruke naturen.

Med 90 ordførarar i område med meir natur enn folk, har Senterpartiet eit særskilt ansvar for bruken av natur i Norge. Me representerer også dei interessene som er mest avhengige av at naturen fungerer, og forvaltartankegangen står sterkt i heile organisasjonen. Landbruk er bruk av land enten til matproduksjon eller til skog.

Ein kjerneverdi i Sp er å overlevere kommunen, fylket og landet i betre stand til dei som kjem etter oss enn då me sjølv overtok. Lykkast me når me ser hyttebyane vekse fram, og øyar blir sprengt for å få oppdrettsfisken på land? Kanskje, men da må det i alle fall vere til fordel for fellesskapet.

Utfordringa til oss som naturparti med grøn kløver blir å ta inn ny kunnskap i arealforvaltninga. For det er ikkje alltid slik at dei som var før oss hadde rett i alt, og lokal- og erfaringsbasert kunnskap kan ikkje trumfe alt. Kanskje kan du som folkevald i kommune gå gjennom arealplanane å sjå om det er noko som kan takast ut?

Det er til dømes avsett areal tilsvarande fire gonger Mjøsa til hytter som ikkje er bygd enda. Det er heilt sikkert ein del av dette som ikkje bør byggast sett frå naturen si side, og det finst sikkert areal som ein gong var avsett til noko som var fornuftig då, men som det i dag og i framtida bør tenkast nytt om.

Som stat skal me gjere vårt. Regjeringa har varsla at det kjem eit arealrekneskap som kommunane kan nytte i planlegginga si. Me ser òg kommunar, lokalpolitikarar og lokalsamfunn som ynskjer å ta betre vare på naturen sin.

Vår jobb i regjering og på Stortinget er å sette enkle overordna føringar for bruk, gjere kommunane i stand til å ta gode avgjerder, gi solid kunnskap og forståing av konsekvensar, og lage verktøy til å sette bit-for-bit nedbygginga inn i ein større samanheng. Både lokalt i eigen kommune, men og nasjonalt. Me må ha verktøy til å prioritere betre kva natur som skal kunne brukast til kva.

Til våren skal regjeringa legge fram stortingsmeldinga om natur, der me skal bestemme korleis Noreg skal følgje opp den internasjonale naturavtalen sitt mål om at 30 prosent av landarealet skal beskyttast og bevarast. Eg ser fram til å vedta politikk som sikrar berekraftig bruk og kunnskapsbasert forvaltning av naturen for generasjonane etter oss.

Som tidlegare kommunepolitikar og byggmeister er det lett å sjå at me ikkje kan halde fram med å ta oss til rette på neste generasjonar sin grunn. Det er nok av prosjekt ein i ettertid tenker annleis om. Me kjem framleis til å trenge areal i framtida og, men me må lære oss å bruke areal slik at dei varige spora i naturen blir litt mindre frå kvar og ein av oss.