I Noreg er det ulovleg å diskriminere utviklingshemma, dette er nedfelt i Norges lover.

Personar som er utviklingshemma er ofte avhengig av kommunale tenester som helse- og omsorgshjelp. Gjennom dette har vedkommande lite sjølvstende over eige liv. Alle menneske har rett bestemming over sitt eige liv. Problema for utviklingshemma barn oppstår på fleire aspekt i livet, om det er mangel på tilbod, avlastning utanfor familien og på skulen. Kommunar vel fort å skyve problema under teppe så fort det blir for dyrt for dei. Dei kutter i tenester som utviklingshemma drar nytte av og er med på å betre livskvaliteten deira. Mangelen på slike tilbod går utover utviklingshemma personar, og dei mister moglegheiter til å delta i samfunnet på lik linje med andre som dei har full rett til ifølgje likeverdsreforma.

Pårørande til utviklingshemma personar har 110 prosent innsats heile tida. Med dei ekstra omsorgsoppgåvene ein har rører det alle aspekt i ein familien. Som t.d. jobb, skule og fritid. Når kommunen ikkje klarer å gi eit godt tilbod om for eksempel avlastning, som tek omsyn til den familiens behov, viser det at slike ting blir nedprioritert. Forsking viser også eit tydeleg kjønnsskilje mellom foreldre til psykisk utviklingshemma barn. Mødrer har betydeleg meir belastning i ein heim med eit utviklingshemma barn enn det fedrar har. Foreldre strevar ofte med å halde seg i jobb på grunn av tilpassinga dei trenger rundt barnet som er utviklingshemma, og det går oftast ut over mødrene.

Eg er søster til ei søt jente på 13 år som er psykisk utviklingshemma og med alvorleg epilepsi. Dette gjer at eg blir svært bevisst på diskriminering av personar med utviklingshemming. Veslesyster mi påverkar familien min på mange måtar. Eg som søster har meir ansvar enn det andre 16-åringar har, gjennom alt ekstraarbeidet som følger med å ha ei søster som har ei utviklingshemming. Ikkje minst påverkar ho dynamikken i familien, der ho treng mykje merksemd og hjelp til alle tider. Men ho er ein viktig del av livet mitt og det er urettferdig at ho blir redusert og tatt frå rettar som er hennar.

Som ein person frå utsida, ein pårørande seier eg at denne urettferda må bli slutt på. At mi veslesyster ikkje har lik moglegheit som alle andre til å gjere akkurat det ho ønsker i livet, synest eg er diskriminering. Diskriminering fordi samfunnet hindrar ho i å bestemme og delta i sitt eige liv.