Frp sin gruppeleiar på fylkestinget uttalte i førre veke at “ikke ett hårstrå skal flyttes fra elevene”, samstundes som hans eige parti har stått i førarsetet for å kutte opp mot 90 millionar kroner i den vidaregåande skulen. Det heng ikkje på greip. Ein kuttar ikkje i snitt 4–5 årsverk i snitt på alle dei vidaregåande skulane utan at det går utover elevane.

Vidare kan elevar vente seg eit svært nedskalert bibliotek- og kantinetilbod, slutt på klasseturar og andre ekskursjonar, kutt i internasjonaliseringsprosjekt, avslutta avisabonnement og slutt på vikarlærarar. I alle tilfelle går kutt i skular fyrst og fremst utover elevane. Kanskje det er på tide at Frp og Høgre byrjar å ta ansvar for eigen politikk og byrjar å lytte til folk?

Politikk er ikkje noko som skjer på eit møterom i Molde, eller som berre er tekst og tal på eit papir. Politikken som Frp og Høgre i fylket fører går utover alle innbyggjarane i fylket kvar dag. Likevel maktar ikkje posisjonen i Møre og Romsdal, ved Frp, Høgre, Venstre og KrF, å ta innover seg dei realpolitiske konsekvensane av vedtaka dei fattar.

Når ein høyrer om elevar som berre sidan nyttår har mista 20 timar med undervisning fordi skulen ikkje har sett inn vikar er det faktisk dei styrande politikarane sitt ansvar.

I eit fylke der så mange som 19,7 prosent av alle innbyggjarane i yrkesaktiv alder står utanfor jobb og utdanning (det synet 2022-tal frå NAV), er det altså barn og unge som er salderingsposten.

Førebygging og styrking av laget rundt eleven er noko av det viktigaste vi kan gjere for å få til inkludering. Likevel er det viktigare for Frp og Høgre med litt meir asfalt enn å sikre god opplæring for barn og unge som går på vidaregåande.

Med all respekt – politikarane i fleirtalspartia hadde hatt godt av å ta steget ut frå møteromma og inn i verkelegheita. Dei siste vekene har eg reist rundt og snakka med elevar og lærarar i alle delar av fylket som seier det same: At dei er bekymra for dei store kutta i vidaregåande opplæring.

Under det siste møtet i Kompetanse- og næringsutvalet vart det klart at det vil kome til å skje brot på lovar og reglar for å klare å oppfylle kuttkrava til Frp, Høgre, Venstre og KrF. Kva lov er det som er minst viktig for posisjonen å overhalde?

Dersom Senterpartiet hadde hatt fleirtal på fylkestinget i desember i fjor, ville vidaregåande opplæring fått 130 millionar kroner meir å rutte med enn under dagens Frp- og Høgre-styre.

Det har faktisk noko å seie kven som styrer. No må fleirtalspartia ta innover seg dei store konsekvensane deira kutte- og sentraliseringsbudsjett får for barn, unge og tilsette i heile fylket.