Tirsdag 17.11.15 har Sunnmørsposten på trykk to lesarinnlegg med felles mål: å skape ekstreme fiendebilde. Begge er forsøk på å skremme avislesarane til å sjå på menneske frå andre kulturar som livsfarlege for det norske samfunnet. Begge konkluderer med innvandringsfiendtlege standpunkt som plasserer dei svært langt ute på den fundamentalistiske høgresida.

Sverre Gammersvik, «Islam marsjerer», framstiller islam og kristendommen som diametralt motsette religionar, den eine vond, den andre vond. Så enkelt og svart/kvitt kan det gjerast. Hege Storhaug, informasjonsleiar for Human Rights Service, utnyttar Paris-terroren til å skape meir frykt, og hevdar at den franske republikken – og dermed vestens demokrati – er så godt som fortapt. Ho smører tjukt på for å framstille situasjonen i Europa som ein religionskrig. Moderate muslimar, den store majoriteten, fortvilar over misbruk av religionen i terrorens namn. HRS og IS har begge interesse av å framstille det slik.

Då dei første opprøra mellom ungdommar i forstadene i Paris blussa opp i 2005 under Nicolas Sarkozy si harde linje, var det etter lang tids frustrasjon over dårlege butilhøve, mangelfull utdanning, få jobbtilbod, framandgjering og på alle måtar elendig integrering. Ungdommane ønska eit håp for framtida si, og forankra kravet i ideala ‘fridom, likskap, brorskap’ frå den franske revolusjonen.

Det skremmande ved dei to innlegga er ikkje framstillinga av at hordar av blodtørstige muslimar skal kome fossande innover Europa og Norge og drepe for fote overalt der dei slepper til. Det skremmande er at vi har høyrt argumenta før, frå Fjordman, frå A. Behring Breivik og frå miljøa omkring dei. Vi hugsar med sorg korleis det gjekk. Vi gløymer ikkje at både ord og handlingar kan drepe.

Derfor treng vi ikkje fleire oppdikta fiendebilde no, ikkje meir konflikthissing, ikkje fleire falske konspirasjonsteoriar frå høgreekstreme fundamentalistar.

MARIT KALDHOL

Ålesund