Generalforsamlingane i dei to kraftselskapa hadde fredag fusjonsavtalen mellom nettselskapa i Tussa og Tafjord på dagsorden.

Tafjord sa samrøystes ja til avtalen uten atterhald. Det vart brei støtte til avtalen også frå Tussa, men det var ikkje fusjonen i seg sjølv som skapte debatt her.

Følg smp.no på Facebook

Adresse-debatt

I staden vart det diskusjon kring det dei fleste har trudd var ein formalitet; nemleg forretningsadressa til det som i dag er hovudkontoret i Tussa Nett i Dragsund i Herøy.

På generalforsamlinga kom det òg fram at Herøy fryktar ei nedbygging av hovudkontoret i Dragsund.

Etter mykje fram og tilbake enda det med eit vedtak om at generalforsamlinga oppmodar styret i Tussa til å avklare spørsmålet. Sjølve hovudsaka- fusjonsavtalen- vart vedteke samrøystes.

Som ein konsekvens av samanslåinga er det vedtatt at driftssentralen blir samla i Holen i Spjelkavik. Driftssentralen i Ørsta blir lagt ned. Forretningsadressa vert i Ørsta.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no

Vakt interesse

Det som skjer med desse to nettselskapa har vakt stor interesse i kraftbransjen rundt om i landet, og det vert av bransjen sett på som framtidsretta også elles i Møre og Romsdal.

Det samanslåtte selskapet vert det åttande største nettselskapet i landet. Det får om lag 230 tilsette og 61.000 nettkunder i 12 kommunar.

Hensikten med samanslåinga er å gjere selskapet i stand til å handtere best mogleg dei endringane i rammevilkåra som styret ser kjem.

Fusjonen inneber ifølgje avtalen mellom dei to selskapa sikrare straumforsyning og redusert nettleige, sterkare fagmiljø og meir attraktive arbeidsplassar, høgare avkastning og sikrare utbyte. Ei samanslåing inneber òg eit meir robusert nettselskap, ifølgje selskapa.

Samanslåinga omfattar ikkje fibernettet i Tafjord.