Permitterte i mellom anna sjømatselskapet Marine Harvest på Eggesbønes vert no nekta dagpengar.

– Permitteringar som skuldast endringar i rammevilkåra som arbeidsgjevar burde føresjå, og kunne planlegge bemanninga etter, vil føre til avslag på søknad om dagpengar, uttalte NAV-direktør Ellen Chr. Christiansen før helga.

NAV innførte ved årsskiftet det dei kallar ein lik praksis over heile landet. Den nye praksis kjem veldig skeivt ut for fiskeindustrien, meiner fiskeindustrien.

– Uttaket av fisk frå anlegget har med biologien til fisken å gjere, og med andre forhold vi ikkje er herre over, svarte fabrikksjef Svein-Erik Nilsen ved Marine Harvest på Eggesbønes.

I eit ope brev til NAV og til regjeringa er konserntillitsvalt Stein Mathiesen ved Marine Harvest på Eggesbønes hard på labben.

– Galskap

– Vi er ei næring som lever på kysten og som er prisgitt dei føresetnadene som naturen gjev oss, skriv Mathiesen i brevet, som han sende ut onsdag ettermiddag.

– Nav har starta ei praktisering og tolking av sine reglar for å innvilge dagpengar som grensar til galskap, skriv Mathiesen vidare.

Han seier det er mange forhold i bransjen som arbeidsgjevar ikkje kan rå over. Ein ting er at mykje laks skal ut til jul, og at det dermed blir mindre fisk i slakteria på vinteren.

– Laksens tilvekst er også svært temperaturavhengig. På same måte som når det er kaldt i sjøen, tar fisken til seg mindre næring om det blir for varmt. NAV har funne ut at alt dette er faktorar som arbeidsgjevar kan påverke, skriv Mathiesen og held fram:

– Vi er ei næring lever på kysten og er prisgitt dei forutsetningane som naturen gir oss. Andre forhold som sjukdom, lus, vêr og vind samt maksimalt tillatt biomasse er også utfordringar innan bransjen.

Forbanna

Derfor er Mathiesen er meir enn frustrert.

– Når eg skriv dette er det ikkje berre av rein skjær frustrasjon men også ut av rein forbanning. Vi tillitsvalde som i årevis har kjempa for betre arbeidsvilkår, sosial dumping og kjempa ein innbiten kamp mot innleige for å få rettferdige forhold innan vår bransje, skal no også ta opp kampen mot vårt eige velferds- og sikkerheitsnett.

– Ikkje berre oppmuntrar NAV og regjeringa til at bedriftene skal bruke meir innleige ved å nekte faste tilsette dagpengar under permittering. Men i same sverdslag vil innleigd utanlandsk arbeidskraft få innvilga sine dagpengar, skriv Mathiesen i det opne brevet.

Dette fører til meir bruk av mellombels innleigd utanlandsk arbeidskraft, meir tilarbeiding av råstoff i utlandet, og også ei auke i eksport av velferdsgoda til utlandet, skriv  konserntillitsvalt Stein Mathiesen i det opne brevet.

Konserntillitsvalt Stein Mathiesen i Marine Harvest i Herøy. Foto: Torill Myren