– Vi var krigsseglarar under andre verdskrig. Og vi overlevde, skriv fem av dei i eit lesarinnlegg.

Tre av dei som har skrive under er frå Remøya i Herøy.

– Vi var galningar, sa Fritjof Remøe til Sunnmørsposten i fjor. Han fortalde korleis dei i 1940 lurte tyskarane, og gjekk inn i handelsflåten. Han er den einaste igjenlevande av dei som stakk av med skuta «Brattholm 1» frå Remøya ein sein nattetime.

No ber dei for dei over 30.000 som overlevde si krigsseglartid, og for dei meir enn 4.000 som ikkje gjorde det, skriv dei i det ferske lesarinnlegget.

Tida renn snart ut for dei

I dag er alle i 90-åra.

Handelsflåten under krigen Norske skip underveis i konvoi over Atlanterhavet høsten 1941. Bildet er tatt fra et handelsskip. Foto: Krigsarkivet

– Vi fem som skriv dette har tre ting til felles. Vi nærmar oss alle 100 år, skriv dei.

Charles Remø er yngst, 92 år. Dei andre er Fritjof Remøe (94), Aksel Remøe (97), Søren Brandsnes (95) Ingvald Herleif Wahl (95).

– Vi veit korleis det kjennest å hoppe i eit iskaldt Atlanterhav, fordi skipet sekk under føtene dine. (...) Vi har også kjent på stoltheita av å vite at det vi gjorde bidrog til å velte det tyske naziregimet og gje oss ei betre verd, skriv dei i lesarinnlegget.

Kven var alle desse 35.000 sjøfolka?

Men kven var alle desse 35.000 som med livet som innsats gjekk i krigen på alliert side. Dokumentasjonen finst, ein eller annan stad, skriv dei.

– Så å seie kvar einaste norske krigsseiler finst registrert ein eller annan stad i norske arkiv. Kva dei heitte. Kvar dei kom frå. Kva skip dei segla på. Om dei vart torpedert eller bomba. Om dei overlevde krigen eller ikkje.

No ber dei om to stillingar over det norske statsbudsjettet, for å ta vare på krigsseglarane si historie.

– Dette senteret må også kunne samle inn bilde, dagbøker og brev som fortel historia vår, dokumentasjon som kan gå tapt om ingen tar på seg den jobben, skriv dei.

Legge det ut på internett

I Kristiansand har Stiftelsen Arkivet starta på arbeidet. Mykje skjer på frivillig basis, skriv dei. Så langt er nær 5.000 sjøfolk registrert med namn, bilde og sin innsats – kvar person med si eiga side.

– Eit samla Storting har no anledning til å etablere eit levande, monumentalt, allment tilgjengeleg minnesmerke over krigsseglarane som heidrar den enkelte si historie og innsats ved å gi dei kvar si heimeside, skriv Stiftelsen Arkivet.

Dei fem krigsseglarane skriv at dei ikkje er så høgrøysta. Samtidig innser dei at tida snart er ute for dei.

– Vi er alle snart 100 år. Vi lever ikkje evig. La oss få oppleve at Stortinget gir det lille som skal til for at vår stolte historie skal leve for ettertida, avsluttar dei lesarinnlegget i Aftenposten.