(Møre-Nytt:) Peter Hasfjord Bjørneset, som er nestleiar for ungdomsrådet i Volda, var på Årneset saman med venner i finveret onsdag kveld.

– Vi sat og snakka saman då vi høyrde roping. Vi tenkte at vi måtte gjere noko, og prøvde å ta ein båt som låg der, men den var låst fast. Heldigvis var det ein mann som dukka under og fekk opp han som låg i vatnet. Det var litt av ein prestasjon, seier Peter Bjørneset.

Bakgrunn: Mann i 20-åra kritisk skadd i drukningsulykke

- Noko må gjerast

Ungdomspolitikaren spør seg om noko kan gjerast for å hindre fleire ulykker ved den kommunale  badeplassen. Dette er andre gong på to år at det har vore alvorlege ulykker fordi folk ikkje har klart å symje ut til badeflåta med stupetårn, som ligg 40-50 meter frå land.

– Det bør gjerast eit eller anna sikringstiltak. Kanskje bør flåta nærmare land, og så bør det kome hjartestartar ved Årneset, seier han.

Badeulukka i Volda i fjor: Slik berga dei livet til 14-åringen

Problem med båtar

Det ligg to båtar ved Årneset, som begge tilhøyrer private.

Mannen blei tatt til sjukehus med luftambulanse. Foto: Tormod Utne

– Den eine kunne brukast, men den mangla tollepinne for åra, så den var svært vanskeleg å ro. Den andre var låst fast. Eg forstår godt at dei som eig båtane vil låse dei faste, men det var uheldig i denne situasjonen, seier Peter Bjørneset.

– Kva tenkjer du om det som skjedde?

– Ein gong er ein gong for mykje. To gongar er to gongar for mykje. Dette skal ikkje skje, seier Peter Bjørneset.

LES MEIR: Mirakelguten Fares (14)

Vil ikkje ta vekk flåten

Ordførar Jørgen Amdam i Volda, seier at det er avgrensa kva som kan gjerast på badeplassen.

– Det viktigaste vi kan gjere er å leggje større vekt på symjeopplæringa, spesielt for folk med utanlandsk bakgrunn. Å fjerne stupeflåta er inga god løysing. Då tek vi vekk noko som er positivt for mange, spesielt dei unge.  Skal vi fjerne alle farar, må vi ta vekk fjella også, seier Jørgen Amdam.

– Kva med andre tiltak for å betre tryggleiken på den offentlege badeplassen?

– Det må vi sjå på. Til dømes kan det vere aktuelt å leggje ut ei hjelpetrosse, slik at dei som får problem får noko å halde seg fast i.

Kritisk

Ålesund sjukehus opplyste onsdag kveld at tilstanden til mannen som var utsett for ulykka er «kritisk». Det har ikkje kome oppdateringar frå sjukehuset så langt torsdag. Mannen er i 20-åra, og etter det Møre-Nytt kjenner til har han utanlandsk bakgrunn.

Denne saka stod først på trykk i Møre-Nytt.