Årets TV-aksjon til Kirkens Nødhjelp og reint vatn til over ein million menneske i åtteland har gitt givarrekord. Mandag føremiddag har ein kome opp i tett på 240 innsamla millionar kroner.

Herøy i tet

På Nordvestlandet er det Herøyværingane som har gitt mest i snitt. Dei har i gjennomsnitt gitt tett på 75 kroner per innbyggar.

Laurdag føremiddag hadde Kirkens Nødhjelp og den lokale innsamlingsaksjonen storopplegg i Fosnavåg sentrum med mellom anna sal av sild, kapproing og vassbering.

Men sjølv med 75 kroner per innbyggar, er det langt opp til toppkommunane i landssamanheng. På Svalbard ligg gjennomsnitt på 366 kroner og i Utsira i Rogaland er også snittet på over 300 kroner.

Ålesund på botn

I botn er det derimot ein kommune frå Nordvestlandet som "ligg godt an". Av landets om lag 430 kommunar, ligg Ålesund på 420. plass med ein snitt på vel 35 kroner per innbyggar.

I Møre og Romsdal ligg Rauma på topp med vel 95 kroner per innbyggar. På andreplass kjem Rindal (89,44 kroner) og Tingvoll på tredjeplass (75,44) kroner før Herøy kjem inn på fjerdeplassen i fylket.