Rem Star er lagt i opplag. Foto: Herøynytt-tipsar
Administrerande direktør i Rem Offshore, Åge Remøy, stadfestar at to skip er lagt i opplag. Foto: Arkivfoto/Line Helgesen

Søndag bekreftar administrerande direktør i Rem Offshore, Åge Remøy, at to skip er lagt i opplag. Skipa det er snakk om er Rem Provider og Rem Star. Til saman er det omtrent femti personar som jobbar på dei to skipa.

- Det stemmer at vi har lagt to skip i opplag. Eg er ikkje heilt sikker på kor mange som blir tatt ut i permisjon. Til saman er det omtrent femti personar som jobba på dei to skipa, men nokon av dei kan vi bruke andre stadar. Det er derfor vanskeleg å seie nøyaktig kor mange som blir tatt ut i permisjon, seier Remøy.

Dårleg marknad

Remøy fortel at grunnen til dette er å spare pengar i eitt dårleg marknad.

- Marknaden er dårleg og vi sparar difor meir pengar på å legge skipa i opplag, enn å ha dei i drift. Eg håper fleire ser behovet for at andre bidrar for å stabilisere marknaden, seier han.

Kan miste jobben

Permisjonsreglane seier at ein ikkje kan ha folk ute i permisjon meir enn tre månader i strekk. Difor håper Remøy at marknaden vil stabilisere seg før den tid.

- Vi kjem til å prøve å starte opp igjen om tre månader, men om marknaden framleis er like dårleg må vi nok begynne den tunge prosessen med å seie opp folk, seier han.

Les også:

Her går Island Constructor ut av opplag

Farstad-båter ut av opplag