– For oss som er ei lita bedrift er det ekstra viktig med internasjonal annerkjenning, seier CEO i STADT, Hallvard Slettevoll.

Prisen vart utdelt under den internasjonale skipskonferansen Marine Propulsion, som har funne stad i London denne veka.

STADT vann prisen i kategorien Elektriske System 2015, som var ein av sju kategoriar som det vart utdelt prisar i. STADT var den einaste norske prisvinnaren.

Vekst

STADT AS i Gjerdsvika har i 30 år vore spesialiserte på vekselstrøms motordrifter, reguleringsteknikk og elektriske framdriftssystem for skip.

Slettevoll fortel at selskapet er i ein valdsam vekst, og har fleire store kontraktar på dørene.

Snart skal dei også flytte inn i ein stor, ny fabrikk i Gjerdsvika. Slettevoll håpar på å vere heilt flytta inn til etter sommaren.

– I tillegg har vi nettopp tilsett to nye prosjektleiarar. Det er kjekt å kunne tilsetje folk, når vi ser at store aktørar må seie opp folk i hopetal. Vi går litt motstraums, seier Slettevoll, som tykkjer det er kjekt å vere litt liten og kunne konkurrere med dei store aktørane.

Les også: Bygger maritimt senterStadt med storkontrakt i AsiaStor pris til liten bedrift