Sunnmørsposten skreiv vesle julaftan at fylkesveg 40 mellom Åmelfoten og Innelset ved Dalsfjorden måtte haldast stengd til over nyttår.

27. desember melder vegvesenet likevel at strekket, som vart stengd då ei 15 kubikkmeter stor steinblokk rasa ned på vegen førre fredag, no har redusert framkomst grunna vedlikehald.

Det er fleire lause steinblokker i fjellsida over vegen på den sju-åtte kilometer lange strekninga. Grunnen for at vegen skulle vere romjulsstengd var at steinblokkene må ned på ein eller annan måte. Den størst er oppgitt å vere større enn ein lastebil.

Starta arbeidet i dag

Geologar har vurdert steinane til å ligge på 4-500 meters høgd, og arbeidet med å fjerne dei med helikopter starta i dag.

– Eit helikopter har nytta vassbomber for å få den største steinen til å skli ned i ura der han ligg trygt, fortel Kjell Haukeberg i Statens vegvesen til smp.no fredag kveld.

Den største blokka (sjå bilete) er no utanfor fare for å falle ned på vegen.

Grunnen til at vegen ikkje er open, men at framkomsten er redusert på staden, er at steinblokka som fell ned 20. desember framleis ligg i vegbana.

– Vi hadde ikkje utstyr til å sprengje den vekk i dag, så situasjonen kjem til å vere som den er no fram til over nyttår, seier Haukeberg.

Dovrefjell

Vegvesenet melder òg at E6 over Dovrefjell i Sør-Trøndelag og Oppland er midlertidig stengt grunna uvêr. Situasjonen er uendra laurdag morgon.

Les alle oppdateringane frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane på vegvesenet sine side.

SENIORINGENIØR: Kjell Haukeberg i Statens vegvesen.