34-åringen som er sikta for knivstikkinga i Gursken er polsk statsborgar. Han hadde berre vore i Norge ei kort periode då episoden fann stad på brakkeriggen til Kleven Myklebust Verft AS i Sande. Det går fram av rettsdokumenta frå varetektsfengslinga i går.

Tre personar vart skadde i hendinga.

Etterforskaren: - Det såg stygt ut

Nabo: Avviser påstand om fyllebråk

Retten la vekt på forklaringa til to av dei fornærma, samt eit vitne, då dei mandag gav medhald i kravet om fire veker varetektsfengsling.

- Svært lei seg

I retten mandag sa den sikta at han er svært lei seg for det som skjedde, og vil gjere det han kan for å gjere det godt igjen.

Tingretten meiner likevel det er grunn til å frykte at 34-åringen skal forspille bevis ved å snakke med personar som var til stades under hendinga, og påvirke deira forklaring. Dei er og komen til at det er ei fare for at han vil unndra seg straffeforfølging. Mannen har kone og fleire born heime i Polen.

To veker av fengslinga skjer i full isolasjon med brev- og besøksforbod.