– Dette er veldig gledelege nyheiter for dei som reiser til og frå Ålesund. Det har vore behov for eit meir tilpassa tilbod til Bergen, seier lufthamnsjef Tor Hånde ved Ålesund lufthamn, Vigra til smp.no.

SAS svarer på at Widerøe har begynt å flyge mellom Ålesund og Bergen, og legg til ein ettermiddagsavgang i ruteprogrammet frå hausten.

Frå tre til fem

I tillegg blir tilbodet mellom Ålesund og Trondheim endra, slik at ettermiddagsavgangen frå Ålesund blir flytta til 17.40.

Propellfly

Ifølge rutetabellen til SAS, vil fleire av avgangane mellom Ålesund, Bergen og Trondheim no bli flogne med propellfly av typen ATR 72. Både fly og mannskap bli innleigd frå det danske selskapet Jet Time.

– Flyet vil ha SAS-fargar, og produktet og servicetilbodet om bord blir av same kvalitet som dei reisande forventar når dei flyg med SAS, opplyser selskapet i ei pressemelding.

I dag brukar SAS jetfly på alle ruter til Ålesund.

Fleire passasjerar

Lufthamnsjefen er ikkje uroa over at flya til Vigra blir mindre.

Lufthavnsjef Tor Hånde ved Ålesund lufthamn, Vigra. (Arkivfoto) Foto: Fride Haram Klykken

– Eg meiner det er betre med mange avgangar og små fly, enn få avgangar og store fly. Norwegian klarte til dømes ikkje å oppretthalde rutetilbodet til Vigra med dei store flya sine, seier Hånde.

– Er det trafikkgrunnlag for så mange avgangar til og frå Bergen?

– Det trur eg. Erfaringa tilseier også at når rutetilbodet er godt, får ein også fleire passasjerar. Nokre vel kanskje å ta bil i staden for fly eller båt med eit så godt tilbod.

Fleire avgangar til Gdansk

Wizz utvidar til og frå Ålesund lufhavn.

I april i fjor starta ungarske Wizz Air opp ei rute mellom Ålesund og Gdansk med tre avgangar i veka.

– Ruta har mange passasjerar, og no i sommarsesongen blir den utvida til fem vekentlege avgangar, altså tysdag, onsdag, torsdag, laurdag og søndag. Det er utanlandske arbeidarar som utgjer hovudgruppa av passasjerar, men mange reiser også til Gdansk på weekend, seier Hånde.

Uavklart om Las Palmas

– Eg har framleis ikkje fått vite kva som skjer med den til vinteren, sjølv om eg har purra på Norwegian, seier Hånde.

Rutetilbodet kjem uansett i tillegg til chartertilbodet til Las Palmas, som har fleire passasjerar.