I går vart den lille chihuahuaen hennar drept av ein laushund.

Det var mor til Erika Kanishi Daugstad som gjekk tur med familiens chihuahua, i området der dei bur i Tresfjord.

Politiet: Laushund beit hund til døde

– Sjølv om du trur du har kontroll over hunden din, så skjer det litt på instinkt hos hundane, seier Erika og fortel:

– To hundar hos ein nabo leikte laust på plenen, dei fekk sikkert auge på mamma og Charlie. Begge hundane kom springande, den eine kom også over hovudvegen og angreip, beit han i brystet og drog han med seg, seier Erika.

Bandtvang

Familien hadde hatt den lille chihuahuaen i nesten fire år. For Erika er det veldig tungt at den no er borte.

Ho meiner fleire hundar burde vore i band.

– Det er jo bandtvang no, og den rasen som angreip Charlie er jo slik at ikkje alle føler seg trygg, seier ho.

Laushunden er av rasen Dogo Canario. Dette er ein sterk og sjølvsikker rase som opphavleg var ein vakt- og kveghund, ifølgje nettsida rasehund.no.

– Den er veldig stor. Charlie var jo berre ein liten chihuahua, seier Erika.

Etterforskar

Politiet har oppretta sak og vil etterforske hendinga.

– Etterforsking vil gje grunnlag for eventuell avgjerd om framtidige tiltak eller reaksjonar. Det er ikkje gjort akutte tiltak i dag, opplyste operasjonsleiar John Bratland i Sunnmøre politidistrikt onsdag morgon.

– Begge partar er veldig lei seg og fortvila over hendinga, legg Bratland til.

Nær gangfelt

Erika meiner eigaren av den store hunden lett kunne unngått at det skjedde.

– Vitne såg at det var folk ute saman med hundane då det skjedde, så dei var ikkje åleine, så eigarane burde hatt kontroll på hundane sine, seier Erika Kanishi Daugstad.

– Det er jo ikkje noko som skal skje, enkelt og greitt, svarer hundeeigaren til Smp.no. – No er dei i band heile tida, legg han til.

– Eg meiner desse hundane bør vere i band. Det finst jo mange måtar å gjere det på, men i alle fall slik at dei ikkje kjem utanfor deira eigedom. Det er eit gangfelt rett att med, og det er mange som går der, seier Erika Kanishi Daugstad.

Les også: Berga søye ved å varsle raskt– Eigarane må forstå at hundane har jaktinstinktVil ha båndtvang-frie soner i ÅlesundFlere blåser i båndtvang (Smp+)

Kva meiner du? Sei di meining i kommentarfeltet