Lesarinnlegg:

«Kva er det Høgre meiner om språk?»

Språk: - Det som går att når Høgre ytrar seg om språkpolitikk, er at partiet står utan tiltak som fremjar rettane til nynorskbrukarane, skriv Ottar Grepstad.   Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Meninger

Vi lesarane og veljarane blir sjeldan plaga med for mykje fagleg og politisk presisjon når partia ytrar seg som språkpolitikk. Det gjeld også det ordførarkandidat Dag Olav Tennfjord skriv i Sunnmørsposten 5. august om «målform og demokrati i nye Ålesund».

Han gjer nøye greie for korleis Høgre har gjort vedtaket sitt om språknøytralitet i nye Ålesund, men driv midtfjords når han gjer greie for kva partiet har vedteke. Viss argumenta hans er i nærleiken av det andre høgrefolk har brukt i den interne programdebatten, er vedtaket gjort på gyngande grunn.

Der er ei meiningslaus setning i innlegget om at Høgre vil ha ei målform som sidestiller bokmål og nynorsk, men det har nok Tennfjord alt sett. Eg trur han på at han som nynorskbrukar ønskjer ei god løysing, men verkemidla manglar.

Høgre veit, skriv Tennfjord, at det er ein del innbyggjarar i landkommunane som vil setje stor pris på å kunne nytte bokmål i kvardagen. Ja, det er det nok, men det har null og niks med saka å gjere. Kvar einaste innbyggjar i nye Ålesund, gamle Ålesund, i kva kommune som helst kan bruke sitt eige språk i all kontakt med den nye kommunen. Kva språk kommunen bruker i administrasjonen, er noko heilt anna. Kvar innbyggjar får svar på sitt eige språk, anten det er ein nynorskbrukar i Ålesund eller ein bokmålsbrukar i Skodje. Dette bør ein ordførarkandidat vite, helst også det partiet han representerer.

Målform og demokrati i nye Ålesund

Med mange tilsette som er gode nynorskbrukarar, kan den nye kommunen kommunisere på både bokmål og nynorsk, skriv Tennfjord. Det skal altså kommunen gjere same kva administrasjonsspråket er. Betyr det han skriv at nye Ålesund skal gjere som Bergen, der saker til bystyret er på anten nynorsk eller bokmål? Korleis vil partiet då sikre at det faktisk blir slik, viss det er det partiet meiner?

Så kva vil Høgre gjere om partiet får fleirtal for sitt syn? Vil Tennfjord utarbeide detaljerte språkreglar som definerer tydeleg dei språklege rettane til innbyggjarane og praksis i administrasjonen? Det bør kommunen gjere i alle høve, men det er uråd å lese ut av innlegget til Tennfjord korleis dei to norske språka i praksis skal jamstillast.

Kandidat Tennfjord meiner at nokre ålesunds-politikarar i arbeidet med intensjonsavtalen om nye Ålesund har forhandla vekk noko som »folk fest slett ikkje var einige i» når det gjeld språkpolitikk. Korkje Tennfjord eller andre i Høgre veit kva folk flest meiner om dette. Folk flest meiner meir ulikt enn folk flest trur. Inga regional spørjeundersøking er gjennomført der ein får vite a) kva språk innbyggjarane bruker privat, og b) kva innbyggjarane meiner skal vere administrasjonsspråket i Ålesund. Kor som er kunne det ikkje vere meir enn ein av fleire faktorar når avgjerda skal takast.

Dette handlar om meir enn språk i den kommunale administrasjonen. Kvar kommune avgjer kva språk staten skal bruke i sin kommunikasjon med kommunen. Det er ingen ting i vegen for at ein kommune «likestiller» nynorsk og bokmål i eigen administrasjon, men vedtek at staten skal bruke nynorsk til kommunen. Kva meiner Høgre om dette?

Det som går att når Høgre ytrar seg om språkpolitikk, er at partiet står utan tiltak som fremjar rettane til nynorskbrukarane. Til gjengjeld er partiet veldig sikkert på at det veit kva som gagnar nynorskbrukarane. Både på Sunnmøre og elles i landet burde ordførarkandidatar og andre merke seg det dei fire regjeringspartia sa i innstillinga frå familie- og kulturkomiteen om kulturmeldinga 7. mai 2019:

«F l e r t a l l e t [dei fire partia] er positive til at meldingen anerkjenner rikdommen Norge har med to norske skriftkulturer og skriftspråk – nynorsk og bokmål. F l e r t a l l e t mener at i arbeidet med den kommende språkloven og språkmeldingen er det viktig med målrettede tiltak som bedrer situasjonen for nynorsk og nynorskbrukerne, som er i mindretall.»

Høgre peikar jamt meir på kommunane som aktørar, så korleis vil partiet følgje opp dette i nye Ålesund?


Den nye direktøren i Nynorsk kultursentrum:

– Ålesund har aldri vore eit reint bokmålsland


Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!