Kronikk:

«Moralsk kompass som politisk navigasjonsreidskap?»

Den borgarlege regjeringa havarerte da Frp trekte seg. Skulda la dei på statsministerens «moralske kompass» som dei meinte stilte dei i moralsk gapestokk. Ved nærare ettertanke innsåg eg det ikkje var uventa.

Då Frp trakk seg frå regjeringa la dei skulda på statsministerens «moralske kompass» som dei meinte stilte dei i moralsk gapestokk. Det var ikkje uventa, meiner Atle Måseide.  Foto: Torstein Bøe

Meninger

Motivet for å hevde at regjeringsfleirtalet fråkjende Frp moralsk gangsyn, er knytt til saka om ei norsk kvinne som for nokre år sidan hadde reist til Syria etter å ha slått seg saman med ein mann som tilhøyrde den islamistiske terrororganisasjonen IS. Da IS var nedkjempa, hamna kvinna, som nå var enke, i ein leir for IS-kvinner. Ho hadde to born. Det eine, ein fem år gammal gut, leid ifl. medisinsk personell av alvorleg sjukdom. Utan kompetent medisinsk behandlinga ville han høgst sannsynleg døy i løpet av tolleg kort tid. Kvinna ønskte komme heim til Norge med borna. Etter framstilling av saka eg har hatt tilgang til, var ho ikkje villig til å sende frå seg borna til Norge og sjølv bli att i leiren. Dette sette styremaktene i eit juridisk-moralsk skvis: Dei kunne ikkje med loven i hand ta borna frå henne. Let dei henne bli att i leiren, ville guten døy. Løysinga fleirtalet valde, var difor å ta både kvinna og borna heim.


Da statsministeren vart beden om å grunngi avgjerda, svara ho at fleirtalets moralske kompass hadde vist kva det rette var, nemleg å hente heim både mor og born. Utsegna er ikkje eintydig. Frp valde følgjande tolking: Da Frp sine regjeringsrepresentantar og partiet hadde motsett meining, hadde statsministeren implisert at dei mangla moralsk kompetanse.

Dette er sjølvsagt ei mogleg tolking. Eg tvilar ikkje på at mange Frp-medlemmer på grunnplanet opplevde utsegna som moralsk ærekrenkande. Da tolkinga ikkje er urimeleg, er reaksjonen skjønleg.


Listhaug vil ikke aktivt sette inn Støre

Ønsker ikke kaste Erna

Frp-nestleder Sylvi Listhaug varsler et tydelig og kampklart Frp i opposisjon på Stortinget. Men hun freder enn så lenge Erna Solberg som statsminister. – Vi kommer ikke til å jobbe for sette inn Jonas Gahr Støre som statsminister, men det vil også avhenge hva som kommer fra regjeringen, er beskjeden fra Listhaug.


Andre greip tolkinga som den druknandes halmstrå. Tolkinga er foreinleg med synet Frp gjerne vil at publikum skal ha på partiet: Det er offer. Partiet har rett, dei andre er ute etter å ta dei. Oppslutninga om partiet har i løpet av seks år i regjering gått dramatisk tilbake. Å dra offer-kortet og så forlate regjeringa, er i tråd med måten Frp, før regjeringsansvaret «fengsla det», har tedd seg på. Frp er avhengig av å vere i opposisjon. Først da kan det spele ut kort som appellerer til partiets grunnfjell. Eit grått kompromissliv i regjering er uforeinleg med partiets «sjel».

Eg påstår ikkje at Frp-folk er utan moral. Men eg har store problem med å førestille meg at t.d. Listhaug i denne situasjonen følte seg moralsk såra. Tvert om, utsett for moralsk kritikk kunne ho spele moralsk krenkt og te seg som offer for politisk-moralsk overgrep. Siv Jensen delte i starten openbert ikkje denne tolkinga. Hadde ho gjort det, hadde ho neppe venta på grasrotas reaksjon.

Frp sitt syn var at ein burde hente heim borna og la mora vere att. Ho hadde slutta seg til IS og difor offentleg distansert seg frå norske verdiar. Som IS-sympatisør var ho sikkert aktiv med militært i organisasjonen. Kom ho til Norge, kunne ho rekruttere sympatisørar. Ho var dermed ein fare for riket. Og barnet – er det verkeleg sjukt?

Korvidt ho har hatt ei rolle i IS som gjer at ho har gjort seg juridisk fortent til straff, skal domstolane avgjere, ikkje politikarar. Det føreset ei rettsleg handsaming der ein får avdekt dei premissar som opnar for frikjenning eller straff. At kvinna er eller kan vere ein fare for riket, veit ein ikkje. Korleis ho skal vere det frå ei fengselscelle, er gåtefullt. Blir ho frikjend, vil grunnen vere at angeren og synet på IS ho har uttrykt, blir forstått som ekte, at ho faktisk ser og tar inn over seg det religiøse eventyret sitt som eit mistak. Tvil på om barnet er sjukt, impliserer ikkje at det faktisk er sjukt. Mogleg retorisk effekt bør ikkje forvekslas med sanning.

I så fall er noko av grunnlaget for tolkinga eg har skissert, borte. Derimot er krenkinga Frp hevdar vere utsett for, vend mot regjeringsfleirtalet: Da dei ikkje har tolka stoda på same vis som Frp, har dei gjort eit mistak som har ført til moralsk urett konklusjon. Det er altså Frp som har det pålitande kompasset, ikkje fleirtalet. Dette hyser ein insinuasjon: Regjeringsfleirtalet har sett terroristar sine rettar høgre enn nasjonens tryggleik


- Heller på vippen enn i regjering

Sve ser fram til å ta KrF sin gamle posisjon: – Vi vart skvisa av minipartia i regjering


Neste steg gjeld vilkåret for bruk av «moralsk kompass»: Moralske normer spelar ei rolle i sosiale, dermed òg politiske samanhengar. Dei blir ikkje brukte i eit sosialt vacuum. Dermed blir empirisk informasjon ein baserer moralske vurderingar på, avgjerande. Slik sett blir «kompass»-analogien misvisande: «Kompassnåla» peiker sjeldan klart mot ein eintydig juridisk-moralsk kontekst. Moralske problem har sjeldan klare og utvitydige svar. Er svaret sjølvsagt, er det moralsk sett ikkje eit reelt problem. Gode svar krev godt skjønn. Statsministeren burde difor ha ordlagt seg annleis og sagt at etter vurderinga fleirtalet gjorde, basert på tolkinga av den informasjon dei hadde og dei juridiske rammene dei måtte halde seg innanfor, var det moralsk rett å hente kvinna heim med borna. Til det kunne Frp ha svart at dei var usamde i fleirtalet si tolking av informasjonen, at dei difor var av ei anna moralsk oppfatning.

Dette er i og for seg temmeleg sjølvsagt. Det er påfallande at røynde politikarar ikkje ser eller vedgår det, for dette er lite anna enn det dei møter i den politiske kvardagen sin. Politisk usemje er knytt til politisk eller ideologisk grunnsyn som får representantar for X-partiet til å betrakte andre faktorar som langt viktigare enn dei Y-partiet legg til grunn for sin politikk. At dei er usamde, inneber ikkje at X-partiets folk må meine at det er noko i vegen, politisk og/eller moralsk, med Y-partiet av di det meiner noko anna. Politisk usemje gir ikkje grunn til demonisering. Det bør heller ikkje moralsk usemje gjere.

Her har dels statsministerens ordval vore påfallande lite fornuftig, dels har Frp sett at tolkinga som seier at regjeringspartnarane deira har demonisert dei moralsk, kan gi auka oppslutning. Slik sett har partiet gjort eit trekk som svekker demokratiet.


-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!