Hovudavisa for oss i nye Ålesund kommune er Sunnmørsposten. I tillegg har vi Nordre som dekkjer tidlegare Haram og Sandøy kommunar. Bygdebladet dekkjer det som var Ørskog, Skodje og Haram kommunar. I tillegg har avisa Vestnes og tidlegare Stordal som nedslagsfelt. Eg vi også ta med vekeavisa Nytt i uka. Fleire har eg ikkje på min harddisk.

Alle har elektroniske utgåver i tillegg til papirutgåvene. Desse siste har vorte spådde ein langsom død. Eg vonar for all del at det ikkje vil skje – i alle fall dei næraste tiåra. Mi oppfordring er då: La vi støtte og nytte oss av desse papiravisene. Å lese nyhende og andre hendingar frå godstolen med ei papiravis i hendene er framleis viktige rutinar for mange av oss.

Tilbake til overskrifta, som er henta frå Smp. Visste du at: Alle kan si sin mening i Sunnmørsposten. Smått eller stort. Har du noe på hjertet; send det til meninger@smp.no.

Det er gledeleg å lese dette. Avisa oppmodar og gjev rom for oss som ikkje høyrer med til den indre kjerne i den einskilde avisa. Vi lesarar bør nytte oss av denne invitasjonen. Sjølv har eg skrive ulike innlegg til avisene våre og vorte positivt motteken hos alle. Unnataket er den næraste lokale avisa for meg som siste året konsekvent har sagt nei til innlegg frå meg i avisa. Dei andre nemnde avisene har så langt følgt SMP: Alle kan seie si meining. Takk for det. Fleire burde støtte avisene med sine innlegg i tillegg til abonnement. Det gjev avisene større breidde, og vi lærer lesarane betre å kjenne.

Redaksjonane har ulike rutinar og ein del sjølvsagde retningslinjer i høve innlegg frå publikum: Vi må til tider rekne med noko «ventetid» då mengda innlegg i periodar sikkert kan vere stor – heldigvis. Innhaldet må vere rimeleg relevant for lesarane. Det som vert skrive må vere innanfor avisa sine etiske retningslinjer. Til tider må kanskje ei viss «redigering» frå avisa vere nødvendig (i samråd med forfattar.)

Difor vil eg gje honnør til dei avisene som satsar på meiningar og synspunkt frå oss lesarar. Innspela kan til tider vere nyttige supplement til avisa sine eigen artiklar. Desse vil utgjere eit godt kommunikasjonsledd mellom avis og lesar. Kanskje dette også kan vere med å gje papiravisene nok ein flik til grunnlaget for å overleve.

Bruk avisene i vår kommune til å målbere dine synspunkt – gjerne på nynorsk!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!