Ved gjennomføring av Stortinget sitt vedtak om «nullutslepp» i Geirangerfjorden etter 2025 vil der bli to store taparar:

  • Geirangerbygda som da vil misse ein stor del av næringsgrunnlaget og cruisepassasjerane som vil misse eit av dei største høgdepunkta på eit Norgescruise.

  • Norge treng Geiranger som den viktigaste cruisedestinasjonen i landet.

Eit av dei viktige kriteria for Unescostatusen Geiranger har fått, er at det vakre og verna landskapet også i framtida skal ha eit levande bygdesamfunn.

For å få dette til, må verdsarvbygda Geiranger ha breiast mogleg næringsgrunnlag.

Alle veit at cruiseindustrien, som er bygd opp over snart 150 år, utgjer ein stor og viktig del av livsgrunnlaget i bygda.

Når Stortinget no har vedteke denne alvorlege utfasinga av cruiseaktiviteten frå bl.a. Geiranger, må staten stille opp med tiltak og tilrettelegging for framtida.

Mange bedrifter og arbeidsplassar er truga, og fråflyttingsspøkelset er der allereie.

For å halde oppe aktivitetsnivået, vil og må Geiranger kunne ta imot moderne cruiseskip med moderate utslepp vidare framover, men med klare og sterke reguleringar av besøksvolumet.

Til dette trengst det tilførsel av ny og kraftig straumkapasitet og bygging av moderne kaier for å handtere trafikken på ein profesjonell måte.

For å kunne betre tilgjengelegheita og forlenge sesongen for alle typar reisande, må det kome heilårsveg austover mot Grotli/Stryn.

Sidan staten no legg premissane ved restriksjonar, må staten også stille opp med støtte og finansiering til desse viktige tiltaka m.m.

Alt dette hastar veldig før bygda blir for hardt ramma av verknadane av reguleringane som allereie blir gradvis innført no frå 2020 og vidare.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!