– Vi må ta ned bemanninga i bedrifta for å tilpasse til den totale aktiviteten. Det er klart at maritim del er den som er mest råka på aktivitetsnivået, seier dagleg leiar Bjørn Halfdan Leine til lokalavisa Nordre.

Neste blir meir å gjere for bedrifta. Då skal dei installere automatisk målesystem for straum i heimane til folk. Og innan landinnstallasjon har bedrifta ei bra ordrebok.

Men no er det minst fem som må gå, etter at dei har vore permittert i 30 veker.