Det betyr i tilfelle at desse fem lensmannskontora blir lagt heit ned: Herøy og Sande, Stranda, Giske, Sula, Ørskog.

– Ikkje radikalt

– Ser du på eit kart, er forslaget radikalt. Men i praksis vil det ikkje bety så mykje, meiner Pettersen.

Politiet har allereie endra på nokre strukturar. Herøy og Sande er slått saman med Ulstein, der lensmannskontoret i Herøy og Sande er ope nokre timar i veka. Norddal og Stranda er på same måte slått saman med Sykkylven, der lensmannskontoret i Stranda er ope nokre timar i veka. Slik er også Giske slått saman med Ålesund.

– Den avgåande regjeringa og justispolitikarane i førre stortingsperiode var oppteken av å behalde alle lensmannskontora opne nokre dagar i veka. Som tillitsvalt for lensmennene meiner eg at desse små lensmannskontora skal leggjast heilt ned, seier Pettersen.

Melde ei sak

– Men dersom ein person i Norddal vil melde ei sak, må han eller ho då reise til Sykkylven til lensmannskontoret der?

– Det er viktig at vedkomande tar kontakt med politiet så snart som muleg. Og så er det ei mulegheit for at vi avtaler ein stad å møtast, for at politiet kan ta imot dei nødvendige opplysningane.

Han seier det er viktig at også dei som bur ute i distriktet føler tryggleik og tillit til at politiet gjer jobben sin.

– Men her er det av avgjerande betydning at ressursane ikkje blir flytta til Ålesund men blir verande i lensmannsdistrikta, og at lensmannsdistrikta også får sin del av veksten i talet på polititenestemenn. Dette er avgjerande for Norsk Politilederlag, seier Pettersen.

Rekruttering

Pettersen sa til Sunnmørsten i fjor at eit lensmannskontor bør bestå av minst 10 polititilsette for å kunne tilby gode polititenester.

– Og etter 10 års erfaring som personalleiar i Sunnmøre politidistrikt kan eg seie at kontor med tre til fem medarbeidarar mange stader slit dei med rekurteringa. Dette gjeld generelt for landet.

Vestnes lensmannskontor har seks polititilsette. Ørskog har fem. Sula har tre. Og Haram har fem polititilsette.

Samtidig har Sunnmøre politidistrikt lavast polititettleik i landet, med 1,09 politiutdanna per 1000 innbyggjarar. Sunnmøre er allereie lova fleire politifolk. Og partia i den påtroppande regjeringa, Høgre og Framstegspartiet, har lova å auke dette til 2,0.

Muleg modell

Ørskog er altså i faresona. Ørskog kan leggjast inn under både Vestnes, Ålesund og Haram.

Ei mulegheit som Pettersen antydar er at Ørskog blir slått saman med Skodje og Haram, og at Vestnes blir slått saman med Rauma.

– Dette er noko som blir bestemt politisk. På eit debattmøte i Vestnes i september i fjor sa både Helge Orten i Høgre og Harald Tom Nesvik i Frp at dei ønskjer å behalde dette politisk, seier leiaren av Norges Politilederlag Sunnmøre.

Lokalkunnskap

– Men vil dette kunne svekke nærpolitiet som har god kunnskap og kjennskap i sitt nærmiljø?

– Ja, det er ein fare for det. Ei undersøking i Sverige viste at den mest effektive politimannen har 15 års erfaring og bur i området han jobbar.

– Vi er litt bekymra for kva fokuset på beredskap har på vanleg polititeneste, som førebyggjande arbeid, etterforsking av tjuveri, innbrot og valdssaker, og på trafikkontrollar. Derfor er det avgjerande at ressursane blir verande i lensmannsdistriktet.

– Og dersom vi får stadige tilfelle av at politiet er dei siste som kjem til staden ved utrykking, så har vi truleg ikkje lukkast så godt. Eg vil seie det bør vere maks 30 minutts utrykkingstid, når det hastar, altså med blålys, seier tillitsvalt Hans-Erik Pettersen for lensmennene på Sunnmøre.

Sjå også: Vil fjerne åtte lensmannskontor i NordvestLes også: Slik blir framtidas mobile lensmannskontor

SMÅTT ER IKKJE GODT: – Skal eit lensmannskontor fungere skikkeleg, er ti medarbeidarar minimum, seier Hans-Erik Pettersen, leiar i Norges Politilederlag Sunnmøre.