Politidirektortatet vil legge ned 151 lensmannskontor, skriv VG. På kuttlista står åtte lensmannsdistrikt på Nordvestlandet.

I Sunnmøre poltiiditrikt er det desse fem: Giske, Herøy og Sande, Stranda, Sula, Ørskog.

I Sogn og Fjordane politidistrikt er det desse tre: Eid, Selje og også Vanylven høyrer til Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet vil spare 280 millioner kroner årleg i reduserte kostnader til blant anna husleige og reinhald. Dette kan styrke politiet med 380 årsverk.

Les også: Trur Ørskog, Sula og Giske vil miste lensmannskontoret

Ingen overraskingar

Fungerande politimeister Unni Moen Vikebakk i Sunnmøre politimeister seier det har vore eit ønske her på Sunnmøre å gjere noko med driftsstrukturen.

– Det er ingen overraskingar på lista. Dette er vel litt i tråd med det som har vore tenkt herifrå, seier Vikebakk.

Ho seier samtidig at det er eit stykke opp og fram før samanslåingar blir gjennomført.

Eid er for sentralt

Lensmann Webjørn Moa i Eid synest at Eid er altfor sentralt til at lensmannskontoret skal leggjast ned.

– Gjennomgangstrafikk, Fjordane tingrett, Nordfjord sjukehus, psykiatripost, ruspost, Statens vegvesen, Biltilsynet, Skatteetaten, NAV, dette er samarbeidspartnarar for oss. Og i tillegg ligg Eid midt i regionen, seier Moa.

Ei rekke forbehold

Hovudlensmann Tormod Hvattum i Nordfjord seier det ikkje er tvil om at det bør bli færre lensmannsdistrikt. Men han vil ikkje seie noko om kva distrikt som bør slåast saman.

Det er mange forhold som først bør vere på plass, seier hovudlensmannen.

  • Kor mange politidistrikt Norge skal ha. Stortinget skal vedta dette, etter planen skal det skje til våren.

– Eg har registrert kva politianalysen har sagt, at det bør vere seks politidistrikt i framtida. Det synest eg blir veldig stort og uoversiktleg. Eg kan ikkje sjå at dei har tatt omsyn til geografi og avstandar, seier Hvattum.

  • Kva som skal vere politiet sine oppgåver i framtida. Stortinget skal bestemme også dette.

– Kva som skal vere politiet sine oppgåver i framtida vil bestemme kor mange lensmannsdistrikt det bør vere. Uansett ser eg for meg ein reduksjon i talet på lensmannskontor. Det er vi modne for, seier Hvattum.

  • Kven skal få myndigheit til å slå saman lensmannsdistrikt. I dag har kommunane vetorett.

  • Eit robust datasystem.

– Stoltenberg-regjeringa har løyvd 10 millionar kroner til datamaskiner i politibilane, slik at bilane blir mobile kontor. Teknologien har vi allereie i dag, og dette vil kome i løpet av kort tid. Ikkje ved større saker som ran men ved meir trivielle straffesaker kan kontorarbeidet i stor grad gjerast ute i bilane. Eg ser for meg at vi i starten får lesebrett, og at vi på sikt får datamaskiner som ein del av innreiinga av bilen, seier Tormod Hvattum.

Les også: Slik blir framtidas mobile lensmannskontor

Trur på effekt

Under førre politireform, for 11 år sidan, vart meir enn 50 politidistrikt slått saman til 27. Gav det eit meir effektivt politi?

– Mi magekjensle er at det ikkje har kome fleire politifolk ut på vegane. Men det store framskrittet i Politireform 2000 var operasjonssentralane, seier Hvattum.

– Mykje av effekten frå reformen gjekk til å bemanne dei nye sentralane. Det var eit kjempeframskritt, der politiet vart profesjonalisert på ein heilt anna måte, og der lensmannsdistrikta fekk ein sentral å kunne støtte seg til, seier hovudlensmann Tormod Hvattum.

Sei di meining i kommentarfeltet under

Smp.no kjem med meir

Politidirektør Odd Reidar Humlegård. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Tormod Hvattum er hovudlensmann i Nordfjord og lensmann i Vågsøy. Foto: Anne-Mari Tomasgard.