– Dette er eit stort brot med dei fleste kyrkjer i verda, med ei over 2000 år gamal lære om ekteskapet som alle kyrkjer til no har halde ved – og eit brot med Jesus sine ord om ekteskapet.

Det seier Helge Standal, som stadfestar overfor Sunnmørsposten at han no har varsla både biskopen, soknerådet og staben ved kyrkjekontoret at han ikkje kan halde fram som prest med den nye vigselsliturgien.

Frå 1. februar

Den nye liturgien kan nyttast allereie frå 1. februar og kjem i tillegg til den vigselsliturgien som vart vedteken i 2003.

– Kva skal du gjere no?

– Det veit eg ikkje. Eg er 62 år og kunne ha gått av med pensjon. Men det har eg ikkje tenkt.

– Kjem du til å halde fram som medlem av Den norske kyrkje?

– Det har eg ikkje fundert så mykje på. Eg får sjå det an først.

– Når sluttar du?

– Eg har ikkje nokon eksakt dato enno. Men eg har iallfall sagt at eg skal fullføre løpet med konfirmantane, så eg ikkje øydelegg for dei. Og konfirmasjonane er i mai. Så eg vil iallfall halde fram til då.

Heimbygda

Han kom tilbake til heimbygda i 2010 for å ta til som sokneprest. Før den tid hadde han mellom anna arbeidd som prest i Nord-Norge og i Rogaland.

– Eg har hatt sju år her i Sykkylven, og det er med vemod og sorg eg kjem til å slutte. For eg har opplevd ein fin stab, mange gode frivillige, mange flotte menneske som eg har fått møte i glede, sorg og ulike fasar av livet. Så eg kjem til å slutte med takksemd, seier den avtroppande soknepresten.

– Var du overraska over vedtaket på Kyrkjemøtet?

– Nei, eg såg kva veg det bar.

Trondheim: Kyrkjemøtet vedtok måndag ny vigselsliturgi som kan nyttast av både likekjønna og heterofile par. Foto: Ned Alley / NTB Scanpix Foto: Alley, Ned