Like over midnatt kom Thorseth inn til hamn i Honningsvågen i Selje.

– Det vart eg tatt imot av kjentfolk, seier Thorseth.

– Og no har eg sove steike godt om bord i båten, fortel han til Smp.no søndag morgon.

På tur

Honningsvågen er omtrent halvveges til Måløy.

– Eg er ikkje i så god form som i haust, men tungt? Nei. Det er kjekt å vere i gong, vere på tur, seier han.

Søndagens vêrvarsel er laber bris frå vest og sju grader. Sjå oppdatert vêrvarsel for Stadhavet (ekstern side)

– Kanskje eg skal filme litt i dag, og ro vidare i kveld. Eg får sjå. Men eg angrar på at eg ikkje tok med skjerf også, seier Thorseth.

Testa framdrift

I tillegg til å ro, prøvde han i går også ut den elektriske framdrifta som han har med, til bruk om kreftene ikkje skulle strekke til.

– Eg har testa det litt ut, eg trur eg skal greie 15 sjømil berre for batteri, seier Thorseth.

– Og det er jo kjempegreier det, når du får lade. Men solladinga, den er jo forholdsvis beskjeden når eg kjem ut i Nordsjøen. Og batteria veg jo mykje, så kor mykje dette eigentleg hjelper meg, det veit eg ikkje, seier han.

Den stikk ikkje høgt over vassflata, færingen som Ragnar Thorseth skal ro til Shetland med. Her ligg den ved flytebrygga i Vågen. Foto: Per Ove Stige
Per Sævik vart invitert om bord onsdag denne veka. Foto: Per Ove Stige