«Offerstein» tett ved stova. No er heile anlegget borte for lenge sidan. Folk som har sett det, skildrar det som ein firkanta, glatthogd stein, 1,5 m høg med ei flate på 1x1 på toppen. På den eine sida var som eit knefall. I vest og nord stod sitjesteinar i ein halvring rundt. (Per Fett 1950 s. 11)

Denne offersteinen stod ein gong på garden Veibost i Sula kommune. Under siste krig, då dette vart skrive, var altså anlegget borte for «lenga sidan» men det var framleis vitnemål om folk som hadde sett det. Arkeolog Per Fett sine registreringar av fortidsminne frå Sunnmøre er fulle av slike fornminnetap.

Diverre har mange fleire kome til sidan den gongen.

170 år med fortidsvern

I 2014 skal nasjonen Noreg feire nok eit viktig jubileum. Det er 200 år sidan svært ulike menn samla seg på Eidsvoll og forma Grunnlova. Same året feirar foreininga med det korte og greie namnet «Foreningen til Norske Fortidsminnesmerkers Bevaring» 170 år. Dei to jubilea har mangt sams. Dei er begge del av den nasjonale oppvakninga som prega heile 1800-talet i Noreg – og mange andre land òg.

I fleire hundre år hadde landet vårt vore ein del av Danmark. Den nye nasjonen leita etter seg sjølv. Den immaterielle kulturarven, som eventyra og språket, vart viktig å take vare på. Det same vart den materielle kulturarven. Det var ikkje «folket» som brått fekk interesse for sitt eige, det var dei som hadde vore utanlands og kunne samanlikne. Stavkyrkjene, som hadde vore så vanlege at ein knapt ansa dei, vart «oppdaga» av norske kunstnarar som reiste i kring i landet for å male det eksotiske landet Noreg. Desse særmerkte kyrkjene forsvann i rast tempo og noko måtte gjerast. Den symboltunge dagen 17. mai 1844 vart det sendt ut innbyding til å skipe ei foreining som skulle ha til formål å take vare på fortidsminna, og 16. desember 1844 vart foreininga formelt skipa. Denne skulle ha til formål å: oppspore, undersøke og vedligeholde norske Fortidsmindesmærker, især sådanne som opplyse Folkets Kunstfærdighed og Kunstsans i Fortiden, samt gjøre disse Gjenstande bekjendte for Almenheden ved Afbildninger og Beskrivelser. Foreningen vil derfor, så langt dens Midler tilstrække, understøtte Reiser i Fædrelandet og beordre Udgivelsen af Værker, sigtende til overnævnte Øiemeds opnåelse. Foreininga er no den eldste av sitt slag i verda og som har vore i verksemd sidan stiftinga.

Eit særmerke ved foreininga er at den eig og tek vare på 40 kulturminne over heile landet deriblant fleire stavkyrkjer. Heilt fram til 1912 då Riksantikvaren vart oppretta, var denne private foreininga ein slags «riksantikvar» i Noreg.

Foreininga

Diverre vart ikkje nokon av stavkyrkjene på Sunnmøre redda sjølv om dei var mellom dei største i landet (av dei elleve største stavkyrkjene Lorentz Dietrichson registrerte i sitt store verk frå 1892, låg 10 på Sunnmøre!). Men foreininga engasjerte seg heilt frå byrjinga i kulturminnevern i vår landsdel. Alt i den første årboka for foreininga i 1845 er det ein artikkel om kulturminne på Sunnmøre. Mellom anna kjøpte foreininga eldgammalt kyrkjeinventar frå Hjørundfjord. Dette er no på Bergen Museum. Foreininga finansierte òg arkeologiske utgravingar på Sunnmøre på 1870-talet. Foreininga hadde på 1800-talet òg mykje kontakt med Peder Fylling frå Skodje. Han var sjølvlærd bondeson og truleg er den som har gjeve foreininga flest opplysningar om kulturminne i vår landsdel.

I 1908 kjøpte Fortidsminneforeininga Rosekyrkja i Stordal. Denne kyrkja, bygd i 1789, men med mykje material frå den eldre stavkyrkja, ville ikkje ha vore berga utan fortidsminneforeininga sin innsats. Det same gjeld for prestestova sama stad. Den vart redda frå riving av den nystifta lokalavdelinga på Sunnmøre i 1980-åra.

Medlemmer

Rosekyrkja og prestestova i Stordal er det einaste Fortidsminneforeininga eig og driv på Sunnmøre, noko som gjer Stordal til ein slags «hovudstad» for foreininga i landsdelen. Det synest difor noko gåtefullt at ikkje fleire frå Stordal er medlemmer i foreininga.

Fortidsminneforeininga er framleis ei medlemsforeining, slik det var frå byrjinga. Berre etter tre år hadde foreininga 800 medlemmer på landsbasis. I byrjinga var det eliten som var medlemmer. Dei første tre medlemmene på Sunnmøre var alle prestar. I dag har Sunnmøre lokallag i underkant av 200 medlemmer og no er det alle lag av folket som er med, men vi treng fleire medlemmer i kampen for kulturarven!

Grunnlov og fortidsminne

I 2014 avsluttar Sunnmøre lokallag av Fortidsminneforeininga eit tre år langt prosjekt om dei gamle fastskulane i landsdelen. Det er vårt grunnlovsprosjekt. Skulegang for alle barn har vore ein grunnstein i det norske demokratiet, difor vil vi sette søkelyset på dei gamle fastskulane som vart bygde frå 1860. Her treng vi òg hjelp med opplysningar!

Kulturminna i Noreg er ikkje «berre» norsk historie, dei er òg ein del av det kulturelle mangfaldet i verda. Utan dei blir vi alle fattigare.