Kultur- og folkehelseutvalet vedtok i møtet 9. november samrøystes å gje Fylkeskulturprisen 2015 til Arne Tunheim frå Giske.

Prisen blir overrekt ved opninga av fylkestinget 7. desember 2015.

Ein kulturformidlar

I grunngjevinga står det at Arne Tunheim er med der kultur blir formidla, der historier blir fortalde, og er levande oppteken av å lære etterkommarane om både den fjerne og den nære historia.

– Eg blir glad når nokon gir respons på det eg driv med. For eg driv nok på med mangt og mykje og likar å få vere med og skape noko, særleg viss eg ser at det kan bety noko for nokon, seier prisvinnaren.

Giskespelet

– Tunheim har også hatt ansvar for spelplassen på Giske, og som leiar av dugndsarbeidet bidrege til eit imponerande amfi med langhus og spelplass, seier ho.

Allsidig

Tunheim har vore lærar på Giske, og no i seinare tid ved Ålesund videregående skole. Der underviser han innan fiske og fangst, og i tillegg så gir han elevar moglegheit i å lære litt om sjølivet på opplæringsbåten Havung.

Arne Tunheim har gjort og gjer ein allsidig og stor innsats for kulturlivet.

Tunheim er også tekstforfattar, tonesetjar og musikar, og han er dirigent for Giske mannskor.

– Om ikkje dette var nok, så er Tunheim oppteken av folkehelsa, og er med på å organisere bygging av turstiar på Godøya, og han har vore engasjert i lokalpolitikken i fleire periodar. Han var primus motor for å etablere fiskerimuset og krigsmuseet på Godøya. Gjennom dette arbeidet har han tatt vare på kulturarven vår. Han har i tillegg sete i styret til Sunnmøre museum i mange år. Årets vinnar har skapt mykje innanfor fleire område av kulturlivet, og brukt store delar av tida si for å lære bort kunnskapen sin og for å glede andre, påpeikar Krogsæter.

Les kulturnyheiter på smp.no