– Vi har utfordringar med rekrutteringa. Det blir for mykje arbeid på for få hender. Dessutan er nokre av oss opptekne på andre hald i sommar, seier Odd Johan Overøye, kunstnarisk leiar for Kyrkjehola Kulturbeite.

Den vesle musikkfestivalen er blitt arrangert kvar sommar dei siste 15 åra. Men no blir det altså ei pause.

For Overøye strekar under at det er ei pause, og ikkje slutten på musikkfestivalen.

Anna form

– Dette er ikkje ei nedlegging. Vi har planar om å kome tilbake, men det kan vere i ei anna form, seier Overøye.

Ei anna form kan til dømes vere at ein samlar arrangementa til ein kortare periode. Til no har arrangementet gått over fleire månader.

– Ei anna løysing kan vere å arrangere berre anna kvart år. Det er fleire musikkfestivalar som gjer det, legg Overøye til.

Han seier at ei viss publikumssvikt i fjor er også ein medverkande årsak til at dei no tek ei pause for å tenkje seg om.

– Det var eit par arrangement i Rosekyrkja i fjor sommar som hadde dårlegare besøk enn vi hadde rekna med. Men vi har ikkje økonomiske problem.

Les tidlegare reportasjar frå Kyrkjehola Kulturbeite:Klar for urframføringElektrisk stemning i RosekyrkjaVackert i Rosekyrkja