Det er veldig mykje som skjer for tida for Martin Tungevaag. 21-åringen kom til Ålesund i 2012 for å gjere ferdig læretida som matros, men så tok musikken av.

Ålesund-manager

No er han signert hos Sony Music Norge, og har fått Ålesunds-dj Nils Noa som manager.

– Eg er storfornøgd med ordninga, og det er kjempekult at det er fleire frå Sunnmøre som jobbar på Sony-kontoret. Slik føler ein seg litt «heime» når ein er innom der, seier artisten.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Planane framover er litt hemmelege.

– Eg kan ikkje røpe så mykje, men eg og svenske Raaban har blitt ein duo. Raaban, eller Robin Söderlund som han eigentleg heiter, er ein svensk DJ og produsent. No planlegg vi ny musikkvideo til låten «Parade» som skal sleppast internasjonalt om eit par veker. Utover det skal vi spele ein god del framover på mange festivalar rundt om i Europa, seier Tungevaag.

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Singel

Han har også nyleg gitt ut ein singel med den tyske gruppa ItaloBrothers.

– På den nyaste singelen min «Springfield» har eg laga tekst og melodi sjølv, og har fått ein god «musikkvenn» til å synge. Samarbeid på sjølve produksjonen er med den tyske gruppa ItaloBrothers. Sangen runda elles ein million streams på Spotify her om dagen på veldig kort tid, og den spelast allereie på radio i heile Norden og delar av Europa, fortel han.