Martin Tungevaag har gjort det igjen. Nordfjordingen bur i Ålesund og lever av å produsere russelåtar.

For tredje året på rad stikk han av med tittelen Årets russelåt. Denne gongen for songen «Vidorra». Songen var bestilt frå ein jenterussebuss på Austlandet, og musikkvideoen er spelt inn i Las Vegas og Nevada. Storhiten «Samsara» kom på andreplass i same kåringa.

– Det at eg vinner årets russehit tredje året på rappen er eit bevis på at eg gjer det riktig når det gjeld russemusikk. Men det er overraskande å komme til topps tre år på rad. Så her må eg takke folket som har lytta på musikken min, seier han.

Tek avstand frå stygge tekstar

Tungevaag har laga songar til over 30 russebussar, og i helga skal han spele på det store landstreffet for russen på Lillehammer. Han har oppdrag for russebussar i fleire år framover, og dei fleste av tekstane er det russen sjølve som står for. Nokre av songane handlar mykje om sex og alkohol, men der går ei fin grense. Martin tek nemleg avstand frå dei heilt dryge russelåtane som omtaler kvinner på ein nedverdigande måte, og seier han kunne aldri stått for slike tekstar.

– Det er russen sjølv som i stor grad bestemmer teksten, men eg har alltid vore med på prosessen. No på dei siste singlane mine er det eg sjølv som skriv tekstane, fortel han.

– Nokre artistar set jo grenser for kva dei ønsker å synge og skrive om, medan andre tek oppdrag for kva som helst. Eg synest ikkje det er greitt at folk går rundt å synger på slike tekstar, og kunne absolutt ikkje gjort sånne type tekstar sjølv.

Russemusikk til heile verda

Songane til russen handlar mykje om universelle tema som god stemning, å leve det gode liv, og om å feste til soloppgang. 21-åringen har over 34 millionar avspelingar på YouTube med fjorårets russehit «Wicked wonderland», og over to millionar visingar på både «Samsara» og «Vidorra».

Nominert til Spelemanspris

«Samsara» låg 11 veker på VG-lista Topp 20 rundt årsskiftet og heile fire veker på andreplass. Den vart også nominert til Spelemanspris for «Årets hit».

– Det var utruleg kult å bli nominert til Spellemann. Songen var bestilt av ein jenterussebuss frå Vestre Bærum. Eg hadde absolutt ingen forventning om å vinne, men berre det å bli nominert med ein RUSSELÅT er ein seier i seg sjølv, seier han.

– Det er også kult å sjå at fleire og fleire no respekterer enkelte låtar som faktisk er russemusikk og ser på desse som internasjonale hits. Dette er jo noko ein berre kunne drøyme om for to år sidan, fortel artisten.

Første gong i Norge

Nils Olav Lausund, også kjent som Nils Noa, er produktmanager for Tungevaag i Sony Music Norge.

– Singelen Samsara blei plukka ut i mars som Singel of the month i Sony systemet. Det er aller første gong ein norsk låt har blitt plukka ut. Singel of the month er eit konsept innanfor Sony Music globalt der alle kontora i europa forpliktar seg å ha utgivinga som ein prioritet, seier Lausund.