Nabo, lærar og noko over snittet engasjert i historie Per Arne Grebstad nyttar høvet til å helse på.

Kameraet er sjølvsagt med.

– Det er sommaren 1992 og arkeologen frå Universitetet i Bergen undersøkjer ei koke-grop. Her laga dei måltida sine i romartida, år 0 til år 400, fortel Grebstad.

– Det held seg gjennom hundre- og tusenåra. Såleis får vi vite kva husdyr dei hadde, kva dei jakta på og om dei padla på Jarnesfluda etter lyren, seier Per Arne.

– Kan hende fanga dei også ein laks i elva?

Kålrabien og poteta kjende dei ikkje, men dei gjekk i skog og mark etter urter, veit han å fortelje.

– Frå sjøen og elva fekk dei sniglar og muslingar. Alt i alt eit variert kosthald.

– Så heva landet seg og grodde til. Etter nokre år kom der ein krattskog. Denne svidde dei av og pløgde i oska.

Arden, plogen, kom frå Danmark i bronsealderen. Det metertjukke laget med kulturjord vitnar om åkerbruket heilt opp til vår tid.

Omkring år 500 før Kristus lærde dei av keltarane å vinne ut jern, og her er mykje jern i fjella. Då skodde dei arden og dei smidde sverd.

Ved Aure er der spor etter heile sju smier.

– Dei vart både rike og mektige! Husa var store og garden vart eit kornkammer, seier Per Arne Grebstad.

Kvilestolane kom visst til bygda noko seinare, forstår vi.

Vil arkeologane som skal grave i rasket vårt om nokre tusen år skjøne noko som helst, tru?

Denne tanken skal få liggje. Vi kan ikkje anna enn gjere vårt beste i mellomtida, likevel.